Hopp til innhold

Anna statleg stønad

Norsk kulturråd deltek årleg i møter på leiarnivå med ABM-utvikling og Riksantikvaren. Desse møta blir skipa mellom anna for å drøfte felles problemstillingar og utfordringar på kulturvernfeltet. I tillegg er det lagt opp til felles gjennomgang av søknader etter behov. I tillegg har Kulturrådet ein løpande dialog med det  Kulturminnefondet på Røros.

ABM-utvikling

ABM-utvikling – Statens senter for arkiv, bibliotek og museum, skal vere et strategisk utviklingsorgan og arbeide med felles utviklings- og samarbeidstiltak og sektorspesifikke utfordringar for dei tre sektorane. ABM-utvikling kan gje stønad til utviklings- og samarbeidsprosjekt i arkiv, bibliotek og museum. Ein føreset for stønad at prosjekta er nyskapande og har overføringsverdi til større gruppar av institusjonar innan fagsektorane eller abm-området.

Samarbeidet mellom Kulturrådet og ABM-utvikling er særleg knytta til tiltak innan museums- og arkivsektoren. Medan ABM-U konsentrerer sin prosjektstønad kring utvikling, kompetansebygging og metodeutvikling, kan Kulturrådet gje stønad til bevaring, dokumentasjon og formidling ved enkeltinstitusjonar.

For meir informasjon om ABM-utviklings verksemd og stønadsordningar, sjå www.abm-utvikling.no.

Riksantikvaren

Riksantikvaren har overordna ansvar for bevaring, sikring og antikvarisk istandsetting av verneverdige eller freda bygningar, farty, anlegg og miljø. Riksantikvaren gjev mellom anna støtte til sikring og istandsetting av freda og verneverdige bygningar og anlegg, kulturlandskap, kystkultur, fartøyvern, teknisk industrielle kulturminne og automatisk freda kulturminne. Vidareføring av tradisjonell handverksteknikk og materialbruk vil bli vektlagt. Søknader om tilskotsmidlar skal sendast til fylkeskommunen, som prioriterer søknadane før dei blir oversendte til Riksantikvaren for vidare behandling.

For meir informasjon om Riksantikvarens og Miljøverndepartementets tilskotsordningar, sjå http://www.ra.no/ og http://www.regjeringen.no/

Norsk kulturminnefond

Norsk kulturminnefond er eit statleg organ under Miljøverndepartementet, og skal medverke til samspel mellom offentlege og private midlar for å sikre at eit mangfald av kulturminne og kulturmiljø blir bevart og aktivisert som grunnlag for oppleving, kunnskap, utvikling og verdiskaping. Fondet skal vidare stimulere til samarbeid og auka medverknad frå eigarar og næringsliv, utløyse privat kapital og støtte lokale og regionale partnarskap og spleiselag.

Samarbeidet mellom Kulturrådet og Kulturminnefondet går mellom anna på å finne tenlege løysingar for søkjarar som tradisjonelt har søkt Kulturrådet om støtte til restaurering og istandsetting av verneverdige og freda bygningar/anlegg. Slike tiltak fell utanfor Norsk kulturfond sitt ansvarsområde, men vil kunne nå fram under Kulturminnefondet si stønadsordning.

For meir informasjon om Norsk kulturminnefonds verksemd og stønadsordningar, sjå www.kulturminnefondet.no.

 

Sist oppdatert: 30.07.10

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer