Hopp til innhold

Dokumentaren Blod & ære

Forfattar Bjørn-Erik Hanssen og Faction Film skal lage eit dokumentardrama om forholdet mellom boksetrenaren John Klemetsen og sonen hans Ole "Lukkøye". Familien er av taterslekt, noko dei oppdaga først i 1998.
Se trailer av filmen. (22.02.08)

Dokumentaren Blod & ære

Dokumentarfilmen med førebels tittel Blod & ære blir eit subjektivt fortalt dokumentardrama om Klemetsen. Familien er av taterslekt, noko dei fekk nyss om i 1966, då fakiren El Jucan ringte og sa dei var i slekt. På den tida var John ein populær musikar med låta "Ola var frå Sandefjord". Dei nekta å tru det, men etter at John skaffa ny informasjon om sin eigen bakgrunn, fall bitane på plass - først i 1998.


- John Klemetsens far, Alf, skjulte sin etniske bakgrunn som tater, til dømes ved aldri å snakke Romani heime. Dette kom truleg av at han var redd for at myndigheitene skulle ta barna frå han. På alle reisene sine levde han derimot det tradisjonelle taterlivet, med kjøp og sal av klokker og keramikk, som dansemusikar og akrobat. John Klemetsen forklarer i dag sitt liv med boksing og musikk som ei vidareføring av tradisjonen etter faren, som han i realiteten aldri kjende, forklarar forfattar og dramatikar Bjørn-Erik Hanssen.

 Ole Lukkøye Klemetsen

John kallar livet dei har levd for eit moderne taterliv. Filmen følgjer far og son frå starten då Ole lærte å bokse som 6-åring og fram til i dag, nokre få år etter at karrieren er over og han framleis leitar etter eit nytt liv.

- Forteljinga har to tidsplan. Notida viser familien i dag; "Team Klemetsen" som danseband, medan fortida følgjer Ole si karriere heilt frå starten, via høgdepunktet i 1997 og til han legg opp, seier Hanssen.

Temaet i dokumentaren tek utgangspunkt i at det går eit vanskeleg skilje mellom det å elske og det å kontrollere. Dette blir satt på spissen i denne historia, der faren ofrar si eiga karriere for å gje sonen ei boksekarriere.

 

- Eit viktig tema for filmen om Big John og Ole Lukkøye er òg kulturkonfliktar. Familien kjempar gjennom heile Ole si lange og spektakulære karriere mot det offisielle idretts-Noreg og Noregs Bokseforbunds krav om å kontrollere Ole si utvikling som boksar, seier Bjørn-Erik Hanssen.

TV-dokumentaren, som skal visas i NRK, blir på 50 minutt og skal produseras av Faction film i Trondheim. Produsent er Dag Hoel og regien er ved Håvard Bustnes.

 

Det norske storsamfunnet si behandling av tatarane eller dei reisande, er av fokedomstolen i Haag karakterisert som folkemord. Heit opp till 1970-åra var den offisielle norske haldninga til tatarane og deira kultur at den måtte ryddas ut. Dette skjedde først og fremst gjennom at barna blei tatt frå mødrene sine, men òg ved sterilisering. Rundt 1500 småbarn blei fjerna frå mødrene sine og satt på barneheimar frå 1910 til 1970. Dette gjeld òg fleire av slektningane til John Klemetsen, blant anna fakiren El Jucan.

 

Kulturrådet gir 225 000 kroner i tilskot til dokumentaren.

Bilete ingress: "Team Klemetsen", som spelar opp til dans

Bilete artikkel: Ole Lukkøye Klemetsen

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer