Kulturrådet gjev tilskot til litteraturprosjekt som omhandlar kulturarv. Tre av bøkene i siste tildeling tek føre seg så ulike tema som bruer i Noreg, stakkeklede frå Setesdal og tuberkulosesanatorium. (27.09.07)

Stakkeklede i Setesdal: Byklaren og Valldølen. Agot Noss tek føre seg draktskikken frå Bykle og Valle i Setesdal. Setesdal er eit av få område i Norden der tradisjonen med folkedrakter har halde seg levande heilt fram til i dag. Boka blir skoren etter same lest som Noss sine tidlegare bøker Jølster og den gamle klesskikken (2005) og Frå tradisjonell klesskikk til bunad i Vest-Telemark (2003). 40 000 kroner blir løyvd til boka.
Bruer i Noreg. I Noreg finst det meir enn 17 000 bruer i det offentlege vegnettet. Bruer representerer noko av det fremste innan ingeniørkunst og design. Dei kan vere markante og ofte storslåtte byggverk, men likevel legg ein lite merke til dei når dei først er bygde.
For å sjå og legge merke til bruer, må ein finne andre perspektiv enn brukarens. Forfattaren Svein Magne Olsen, gir i denne boka ein fullstendig dokumentasjon over bruer i Noreg, og trekkjer liner til andre lands brukonstruksjonar. 45 000 kroner blir løyd til prosjektet.
Gjøsegården tuberkulosesanatorium var Noregs første sanatorium for tub-pasientar. Staden ligg ved Vingersjøen i Kongsvinger kommune, og pasientar frå heile landet søkte seg hit kort tid etter opninga i 1894. Staden var i drift fram til september 1941.
Forfattar Kari Gjerstadbergen set staden og sjukdommen inn i ein større samanheng og tek føre seg behandlingsmetodar og enkeltmenneskes lagnad. Fleire kjente personar var til behandling på Gjøsegården, blant anna Arnulf Øverland og Kyrre Grepp, som begge har fått god plass i boka. Boka presenterer òg andre sanatorium som kom til i Noreg etter kvart, og historia rundt sanatorie-æraen i Europa. 30 000 kroner blir løyvd.
Alle faglittaturtildelingar frå kulturvern i september 2007.