I lys av dei vesentlege og raske endringane i kultur, levesett og mentalitet som pregar vårt samfunn vil Kulturrådet styrke samtidsorienteringa ved musea."På sporet av den tapte samtid" er initiert av Kulturrådet og forankra i museas samtidssnettverk, som har sekretariat på Maihaugen.

Hovudprosjektet skal gå over tre år, med oppstart i april 2006. Forutan å kartleggje og utforske sentrale sider ved det seinmoderne samfunnet, skal prosjektet stimulere til samarbeid mellom kulturhistoriske museum og forskingsmiljø utanfor sektoren.
Bakgrunn: Dokument 2000 og Kulturrådets initiativ til oppfølging
Dei siste åra har særleg Norges Museumsforbund sitt prosjekt Dokument 2000 peika seg ut som eit tiltak innan satsingsområdet samtidsdokumentasjon som har fått mykje å seie for heile museumssektoren. Kulturrådet løyvde 3 mill. til det treårige fellesprosjektet, som vart sluttført i 2003. Dokument 2000 har òg vore gjenstand for ei evaluering i regi av Kulturrådet. Evalueringa, "Samtid – en lang historie" av professor Odd Are Berkaak, vart utgitt på Kulturrådets notatserie (nr. 56) ultimo 2003. Evalueringa tok særleg opp forholdet mellom forsking og formidling ved norske museum, som Berkaak meiner ikkje vart tilstrekkjeleg avklart i prosjektet.
Med utgangspunkt i resultata frå Dokument 2000, tok Kulturrådet primo 2004 initiativ til ein konferanse på Maihaugen, der Berkaak si evaluering vart presentert og drøfta med relevante fagmiljø. På konferansen kom det fram ønskje om å arbeide vidare for å styrkje forskinga i museas Samtidsnettverk. Som ein respons på dette utarbeidde Norsk kulturråd notatet Notat vedrørande vidareføring av Kulturrådet si satsing på samtidsdokumentasjon. Ei gruppe aktørar frå Dokument 2000 vart invitert til å delta i ein prosess med å utvikle idéinnhaldet i notatet. Det endelege notatet vart presentert for deltakarane i Samtidsnettverket i november 2004.
I notatet føreslår Kulturrådet at det blir tatt initiativ til eit prosjekt som har som mål å styrkje samarbeidet mellom museum innafor Samtidsnettverket og forskingsmiljø utanfor musea. Tanken er å fremje forskingskompetansen i musea og etablere varige nettverk mellom museum, universitet, høgskular og instituttsektoren. Kulturrådet føreslo eit forprosjekt frå 2. kvartal 2005, med hovudprosjekt i perioden 2006–2008. Ved presentasjonen av notatet i Samtidsnettverket gav deltakarane einstemmig tilslutting til initiativet, og i tråd med notatet frå Kulturrådet sa Sekretariatet for museas Samtidsnettverk seg villeg til å vere vertskap for prosjektet. Ein lukkast òg med å hyre Odd Are Berkaak som prosjektleiar.
Les: Musea er på sporet av den tapte samtid.
Foto: Kåre Dehlie Thorstad, Maihaugen
Sist endret: 07.08.08