Prosjekttilskot
Formål
Kulturrådet har gjennom ei årrekkje lagt vekt på å støtte tiltak på område i kulturvernarbeidet som trer fram som forsømte, eller der det er avdekt spesielle behov. Dei siste åra er prosjekt relatert til kulturelt mangfald og dokumentasjon og formidling av vår samtid og nære fortid blitt særleg prioritert. Desse tema får stor merksemd også i Kulturrådets strategiplan for perioden 2011-2014.
Kven kan søkje?
Kulturrådet har gjennom ei årrekkje gitt støtte til ekstraordinære tiltak ved dei kulturhistoriske musea i Noreg. Etter vedtak i Stortinget vart denne ordninga avvikla med verknad frå og med budsjettåret 2007, og omdisponert til musea som inngår i det nasjonale museumsnettverket. I tråd med signala i Statsbudsjettet, skal museum som inngår i dette nettverket ikkje søkje Norsk kulturråd om prosjektstøtte.
I lys av nemnde Stortingsvedtak, er Kulturrådet si avsetning til kulturvern med verknad frå og med 2007 nytta til kulturvernprosjekt i regi av kulturvernaktørar som ikkje er del av det nasjonale museumsnettverket. Samiske museum og museumseiningar som ikkje er konsoliderte kan såleis framleis søkje om prosjektstøtte. I tillegg opnar Kulturrådet for prosjektsøknader frå institusjonar og aktørar som arkiv, bibliotek, frivillege lag og organisasjonar, filmprodusentar, kommunar, fylkeskommunar og privatpersonar.
Kulturrådet kan òg vurdere støtte trykking av fagbøker av nasjonal interesse. Merk at det er forlaget som skal stå som søkjar, og at det må leggjast ved både trykkjeklart manuskript og eit særskilt skjema (sjå nedanfor). Det blir ikkje gitt støtte til forfattarar til utarbeiding av manuskript eller manusførebuande arbeid.
Søknadsfristar: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember
Krav til søknader
Øvre grense for tilskot på kulturvern er vanlegvis ein tredel av totalkostnaden, og rådet stiller normalt krav om lokal finansiering. Det er ein føresetnad at prosjekta har ei solid fagleg forankring.
Faglitteratur – eige skjema Ved søknader om støtte til trykking av fagbøker skal forlag/utgjevar leggje ved trykkjeklart manus og særskilt skjema:
Faglitteratur kulturvern.bokmål.doc Vurdering av søknader
Kvar enkelt søknad på området blir vurdert i forhold til kulturvernfagleg forankring og relevans i forhold til aktuelle satsingsområde og handlingsplanar. Enkeltsøknader blir dessutan vurdert i forhold til den totale søknadsmengda.
Ei rekkje faktorar og kriterier ligg samla til grunn for tildeling av prosjektstøtte. Mellom desse kan nemnast:
Tiltak som ikkje kan få stønad
Behandling av søknader Norsk kulturråd har vanlegvis fire møter i året der søknader blir behandla. Aktuelle fristar i løpet av eit budsjettår er 1. desember, 1. mars, 1. juni og 1. september.
Sist oppdatert: 05.12.11 |