Hopp til innhold

Sjøsamers liv før og nå

Kulturrådet gir 45 000 kroner til filmprosjektet ”På besøk hos sjøsamer i Nord-Troms – ein dokumentasjon av sjøsamers liv før og nå”. Målet med prosjektet er å kaste lys over ein del problemstillingar knytta til sjøsamanes historie, og dokumentere korleis det er å vere sjøsame i dag. (03.01.07)

Det er eit delmål å kunne tilby samiske og norske elevar meir kunnskap om samisk kultur og kulturuttrykk, tru og levemåte. Prosjektet blir difor forma etter kompetansemåla i kunnskapsløftet 2006 for faga duodji/kunst og handverk, språk, musikk, samfunnsfag, naturfag, KRL og mat/helse.

Sluttproduktet blir ein serie på seks filmar á 15-20 minuttar samla på éin dvd, der ein møter unge og gamle i den sjøsamiske bygda Manndalen i Kåfjord.

Søkjar Reni Wright er sosialantropolog og driv einmannsføretaket Wright Kunnskapsformidling.

Skrevet av: Heidi Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer