150 bokhandlarar over heile landet er med i prosjektet BLA!, som skal gjere norske bildebøker meir kjende. Kulturrådet har i meir enn 40 år gitt støtte til forlaga for å utvikle nye norske bildebøker av høg kvalitet. Utfordringa er å få butikkane til å vise dei fram, og få kundane til vere litt mindre nostalgiske og kjøpe samtidsbøker til barna. (12.11.07)

Låne eller ha.
Kvart år kjem det ut mange og svært gode bildebøker for barn, laga av illustratørar og forfattarar som lever og arbeider her og nå. Desse bøkene møter barna der dei er, både i overført meining og reint konkret, i bibliotek og barnehagar. Men dei når ikkje heim til barna, når dei skal få bøker til barnerommet, bøker å eige sjølv.
Nostalgien
Årsakene er ikkje så vanskelege å sjå: Det er vaksne som kjøper barnebøker, og dei vaksne veit ikkje om at desse bøkene finst. I mylderet av boktilbod kjøper vaksne dessutan etter sin eigen smak, svært ofte bøker dei sjølv har hatt glede av og kjenner igjen. Bokhandlarane har på si side ikkje kapasitet eller informasjon tilgjengeleg til å "vite alt" om det som skjer i barnelitteraturen.
Hjelp til kunnskap
For å hjelpe på situasjonen har Kulturrådet og Bokhandlerforeningen gått saman om BLA!: ein kampanje som har som mål å gjere bokhandlarar og publikum kjende med desse nye, norske bildebøkene - og, håper vi, skape forventningar til kva som kjem av flotte bildebøker også neste år, og neste... For det kan vi garantere: Dei er like fine kvart år. Og - dei er like ulike seg imellom, slik at både barn og barnas høgtlesarar skal finne noko som passar.
Ny design for nye barn
Og sist, men ikkje minst: Den nye, norske bildeboka er også barnets møte med illustrasjonskunst frå si samtid, for eit lite kunstgalleri å rekne. Men bokhandelen har ikkje plass til å vise bilde. Bildebøkene er særleg sårbare fordi dei er så smale, og samtidig krev så stor plass for å vise seg fram. Slik druknar dei mellom store mengder nyopptrykk av gamle bøker, rimelege internasjonale masseproduksjonar, meir kommersielle utgivingar etcetera.
Gode gamle eller same gamle?
Ikkje berre kjøper vaksne bildebøker dei kjenner, og derfor er rimeleg trygge på at blir godt tatt imot. Det er også dei 'gode gamle' ein gjerne ser når ein kjem inn i butikkane, for dei nye og fysisk spinkle bøkene må kjempe ein svært ulike kamp for å bli tatt ut av hylla, opna og sett. Ein må kort og godt BLA i dei... Men da taler dei best for seg sjølv!
Her kan du sjå den fargerike brosjyra.
Norsk kulturråds støtteordningar for bildebøker:
Inntil 25 bildebokprosjekt i året kan få utviklingsstøtte frå Norsk kulturråd.
Det er svært mange søknader og mange kvalifiserte søknader, så konkurransen er hard.
Dei 10 beste får produksjonsstøtte også.
For å gjere dei beste bildebøkene for barn meir synlege, har vi valt ut fem av disse ti og laga BLA!, årets minikampanje. Dei er merkte med * i oversikten nedanfor.
Sei JA til Bla!
Norsk kulturråds støtteordningar for bildebøker:
Inntil 25 bildebokprosjekt i året kan få utviklingsstøtte frå Norsk kulturråd.
Dei 10 beste får produksjonsstøtte også. Det er svært mange søknader og mange kvalifiserte søknader, så konkurransen er hard også her.
|
Dei 2007-bildebøker som har fått både utviklingsstøtte og produksjonsstøtte: |
||
| *Anna Fiske | Hallo Jorda! | Cappelen |
| *Kristin Roskifte | Jorda rundt på 29 bokstaver | Magikon |
| *Marvin Halleraker | Høyt over husene | Mangschou |
| *Per Dybvig/Bjørn Rørvig | Myggsprayen | Cappelen |
| *Akin Düzakin/ Oddmund Hagen | Knute | Samlaget |
| Inger Lise Belsvik/ Halldis M. Vesaas/Tarjei Vesaas | Eg sette brillene på min katt (dikt) | Samlaget |
| Gry Moursund/Hans Sande | Slangen i graset | Gyldendal |
| Svein Nyhus | Opp og ut (utsett til 2008) | Gyldendal |
| Svein Nyhus/Gro Dahle | Håret til mamma | Cappelen |
| Øyvind Torseter | Avstikkere | Cappelen |
| Dei 2007-bøkene som har fått utviklingsstøtte: | ||
| Iben Sandemose | Fiat og Farmor. Eiffel kommer! | Cappelen |
| Mikael Noguchi/Arne Svingen | Dager jeg har glemt | Damm |
| *Lars M. Aurtande/ Bjørn Arild Ersland | Modellbyggeren | Damm |
| Anlaug Auestad/Erling Forfang | Månen er en gul ost | Wigestrand |
| Ragnar Aalbu | Harry og Roger | Cappelen |
| Bjørn Ousland/Knut Nærum | Kalle Komet og Venus N… | Cappelen |
| Torill Kove | Den danske dikteren | Cappelen |
| Fam Ekman | Kall meg onkel Alf | Cappelen |
| Rune Johan Andersson | Containerfortellinger | Cappelen |
| Justyna Nyka/ Ingeborg Eliassen | Ein vakker dag | Orkana |
| Hilde Kramer/Merete Morken Andersen | Gode Grisen Gautes lille… | Gyldendal |
| Thore Hansen/Tor Åge Bringsværd | Ruffen og det hemmelige….. | Gyldendal |
| Hilde Kramer | Hvor er mamma? | Gyldendal |
| Camilla Kuhn | Hvordan Greger Grinebiter… | Gyldendal |
| Annine Qvale | Bokbærerne | Gyldendal |
| Annette Saugestad Helland | Superpappa og Pélé | Damm |
| Sondre Bjørgum/Asbjørn K. Brandsnes | Jungelgutta forteller: Fra gris til krokodillefis | Gyldendal |