
- Vi har valt sjølvtillit som tema fordi vi unner barn og unge all den språklege sjølvtilliten dei kan få. Å styrkje sjølvtilliten og eigenidentiteten til nynorskbrukarane er eitt av måla for alt vi gjer, seier festivalleiinga i ei pressemelding.
Ein tredjedel av arrangementa handlar om barne- og ungdomslitteratur. Sogn og Fjordane teater byr på førpremiere på "Rekneprinsen" av festspeldiktaren Erna Osland, som òg har med seg forfattargjestar, medan folkemusikkgruppa Tindra gjev to barnekonsertar.
Det blir barnedagar fulle av sjølvtillit, med framføring av resultat frå musikkverkstaden Tekst og tone, i tillegg til framføring av tekstar om skapande, undrande sjølvtillit, skrivne av ungdomar. "Sjølvtillit i vinyl" er eit platekåseri om populærmusikk på dialekt.
- Særleg glade er vi for at mange arrangement blir fylte med det dei unge sjølve skapar, seier festivalleiinga.
Tidlegare i år fekk Nynorsk kultursentrum støtte frå ABM-utvikling og Norsk kulturråd til utvikling av nettstaden http://www.tunkatten.no/. Katten har fått namnet Lurivar og blir ein gjennomgangsfigur under festspela.
Alle aldersgrupper
Festspela har tilbod for alle aldersgrupper. Tre programpostar ber tittelen "Litteratur med Landro", av kulturredaktør Jan H. Landro i Bergens Tidende - som mellom anna vil diskutere samtidslitteraturen med kritikaren Marta Nordheim.
Kringskastingssjef Jan-Tore Bjerkaas møter lyttarane og sjåarane sine for første gong når han held festspelforedrag om sine visjonar for NRK, som den viktigaste språkbrukaren i landet.
Det blir òg plass for konsertar, ein er via komposisjonar av Kenneth Sivertsen medan ein anna er med Odd Nordstoga. Elles blir det kunstutstillingar, utdeling av nynorskprisar og for tredje gong blir dei nynorske golfspela arrangerte.
Festivalen, som kryssar mange sjangergrenser og sektorskilje, byrjar 27. juni og byr på fem dagar med sjølvtillit. Du kan lese meir om programmet på nettsidene: http://www.aasentunet.no/
Kulturrådet gjer 200 000 kroner til festivalen.
Bilde: Ivar Aasentunet. Foto: Gaute Øvereng