Hopp til innhold

Frå perm til skjerm

Frå perm til skjerm

Det er berre eit spørsmål om tid før e-bøker blir ein stor del av den norske bokmarknaden. Kva roller skal forfattaren, forlaget, bokhandelen og biblioteket ha i den nye røynda? Svara kan du få på e-bok konferanse i Drammen i november. (12.10.10)

Kulturrådet inviterar saman med Buskerud fylkesbibliotek og Nasjonalbiblioteket til Frå trykt til utrygt?, ein konferanse om e-bøker, bibliotek og innkjøpsordningane, på Union scene i Drammen 25. - 26. november.

 

- Gjennom konferansen vil vi ta eit stort overblikk over heile den litterære institusjonen i Noreg, og sjå på kva for konsekvensar e-boka kan få for innkjøpsordningane spesielt, seier Arne Vestbø, rådgjevar i litteraturseksjonen i Norsk kulturråd.

 

Innkjøpsordningane er som system ein historisk viktig og internasjonalt anerkjent statleg form for stønad til norsk litteratur, og mange forfattarskap hadde aldri kome fram i ljoset om ikkje Norsk kulturråd hadde garantert for innkjøp av eit visst tal eksemplar til folkebiblioteka. Men korleis skal Kulturrådet stille seg til eit mogleg Spotify for e-bøker, der lesarane aldri vil bli møtt med melding om at ei bok ikkje er innkjøpt, utsolgt eller utlånt?

 

Det er tema for ein av debattane som vil finne stad under konferansen. På programmet står også foredrag, blikk på e-boksituasjonen i våre naboland og i USA samt foredrag om både teknologi og utfordringar knytte til e-boka.

 

- Vi er svært nøgde med å ha fått så mange gode namn med på programmet, og oppmodar alle i bransjen og andre interesserte til å melde seg på konferansen, seier Vestbø.

 

Programmet og annan praktisk informasjon finner du her: http://bit.ly/ebokkonferanse.

 

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 12.10.2010
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer