
I år er det 100 år sidan både komponisten Geirr Tveitt og diktaren Olav H. Hauge blei fødde. Dette blir markert med fleire prosjekt som Kulturrådet støttar. (23.04.08)

Det Norske Samlaget markerer Tveitt-jubileet med å gje ut ei revidert utgåve av Reidar Storaas sin biografi om Geirr Tveitt, med tittelen Mellom triumf og tragedie. Kulturrådet løyver 66 000 kr i produksjonsstøtte.
Plateselskapet Simax nyttar høve til å gje ut ei innspeling med fire kammermusikalske verk av Tveitt. Kammermusikken er ikkje like kjend som orkesterverka og songane, og dei fire verka "Frå ei reisedagbok", "Husguden", "Jonsokk-kvelden" og "Septett" er ikkje spelte inn tidlegare. Tor Johan Bøen er musialsk leiar for prosjektet, som mottar kr 130 000 frå Norsk kulturråd.
Hauge-jubileet stimulerer til fleire bokutgivingar som mottar støtte. I samarbeid med Bodil Cappelen gjev Samlaget ut 14 av Hauge sine dikt i ei illustrert bok med born som målgruppe. Boka har tittelen Når tussalussi kviskrar. Same forlag har óg fått støtte til å gje ut Hauge sine Dikt i samling i billigbokutgåve for fyrste gong. Folkemusikaren Unni Løvlid har fått støtte til ein produksjon bestilt av Dei Nynorske Festspela, som skal ta utgangspunkt i tekstar av Hauge, med særskild vekt på diktaren si interesse for japansk, kinesisk og amerikansk lyrikk.
![]() |
Olav H. Hauge Foto: poetrydispatch |
![]() |
Geirr Tveitt Foto: MIC |
Eitt prosjekt tar opp i seg både Hauge og Tveitt-jubileet. Musikkverkstaden Drivhuset i Oslo har fått midlar til å gjennomføra kreative, tverrfaglege verkstader for elevar på mellom- og ungdomstrinnet. Sitat og referansar frå kunstnarlege uttrykk av Hauge og Tveitt skal vera utgangspunkt for arbeidet.
Sjå dei siste tildelingane frå Kulturrådet