Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Innkjøpsordningane

 

VIKTIG INFORMASJON: For 2012 har avtalepartene for voksenordningen blitt enige om at de tusen eksemplarene som kjøpes inn, skal fordeles med 970 papirbøker og 30 e-bøker for titler som kommer ut i begge formater i løpet av 2012. Reglene for royalty er uendret. Det er i tillegg vedteke ein ny innkjøpsordning for teikneseriar. 

Under innkjøpsordningane for litteratur kjøper Norsk kulturråd inn nye boktitlar for å sende dei vidare til norske folke- og skolebibliotek og til nokre undervisningsstader, sjømannskyrkjer og bibliotek i utlandet. Desse bøkene kjem i tillegg til dei titlane biblioteka sjølve kjøper inn over eigne budsjett.

Vi har i dag seks innkjøpsordningar for litteratur:

I tillegg har Norsk kulturråd ei innkjøpsordning for tidsskrift, som inneber at heile årgangen av inntil 15 kulturtidsskrift blir distribuert gratis til norske folkebibliotek.

 

Kor mange titlar som blir kjøpte inn av ny norsk skjønnlitteratur for vaksne og for barn/unge, varierer litt år om anna, ettersom alle bøker som er vurderte til å ha høg nok kvalitet, kjem med på innkjøpsordningane. Forlaga må allereie ha trykt og gitt ut bøkene før dei blir vurderte for innkjøp.

 

Når det gjeld fagbøker for barn og ungdom, omsett litteratur og sakprosa (såkalla selektive ordningar), er det øvre titteltalet bestemt på førehand, og innkjøpet gjort etter ei kvalitetsvurdering og deretter ei prioritering av dei beste bøkene.

 

For alle innkjøpsordningane gjeld særskilde retningslinjer. Eigne vurderingsutval er oppnemnde for å sjå til at dei påmelde bøkene er gode nok til å få statsstøtte, og at dei fyller krava ordningane set til sjanger. Vedtak om ikkje å kjøpe inn ei bok under dei to ordningane for ny norsk skjønnlitteratur kan klagast til eigne ankenemnder. Norsk kulturråd fatter då endeleg vedtak i saka. For dei selektive ordningane, der det er ei øvre grense for innkjøp, kan ein ikkje klage på anna enn sakshandsaminga.



Netto arkprisar 2012 

Skjema for royaltyrefusjon bokmål.doc     Skjema for royaltyrefusjon bokmål.pdf

Skjema for royaltyrefusjon nynorsk.doc     Skjema for royaltyrefusjon nynorsk.pdf


Her finn du alle søknadsfristar for litteratur og tidsskrift.

Påmelde og innkjøpte bøker



Sist endra: 31.01.12

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer