Hopp til innhold

Innkjøp av ny norsk sakprosa

 

VIKTIG INFORMASJON:
Søknadsskjema kan frå og med 2009 sendast inn elektronisk til post@kulturrad.no. Forlaget sender som vedlegg til e-post kvart skjema som eigen fil i pdf- eller doc-format så snart som mogleg innanfor det kalenderåret boka kjem ut. Bøkene skal framleis sendast direkte til vurderingsutvalet når dei er ferdige.

Vi bed om at søknaden blir sendt enten elektronisk eller med vanlig post, ikkje begge deler.

  

Mål

 

Ordninga skal sikre utgivingar av ny norsk sakprosa og gi eit tilbod til lånarane i folkebiblioteka.

  

Kva kan det søkjast innkjøp for?

Ordninga gjeld sakprosabøker i ein essayistisk, forteljande, resonnerande eller argumenterande form, skreve av éin eller fleire forfattarar og for eit allment publikum.

Bøkene skal ha språklege, litterære, innhalds- og formidlingsmessige kvalitetar og retta seg mot eit allment publikum.

Ordninga omfattar normalt ikkje:

a)      hobbybøker, vitsebøker, spørjebøker, håndbøker eller andre formar for bruksprosa
b)      oppslagsbøker, leksikalske verk og referanseverk
c)       årbøker, lokalhistoriske årbøker eller andre bøker berekna på eit lokalt publikum
d)      skule- og lærebøker
e)      vitskapelige avhandlingar, forskningsrapportar og utredningar
f)        profesjons- eller bransjeorienterte bøker

  

Kvar bok blir kjøpt inn i 1000 eksemplar til folkebiblioteka. I dokumentet "Orientering om innkjøpte bøker" er det viktig informasjon om prisfastsetting og forlaget sine pliktar ved innkjøp. Sjå elles retningslinene og søknadsskjema nederst på sida.

  

Søknadsfristar: 1. mars, 15. mai, 1. september, 15. oktober og 1. desember

 

Søknadsskjema skal sendast inn så snart råd er, med oppgitt utgivingsdato. Når ferdig bok ligg føre, skal ho sendast til Norsk kulturråd og til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet til den nærmaste søknadsfristen. Eigne reglar gjeld for siste søknadsfrist.

  

Kor skal søknad og bøker sendast?

 

Utfylt søknadsskjema kan sendast snarast til post@kulturrad.no. Når boka er ferdig, skal eitt eksemplar sendast til Norsk kulturråd, Litteraturseksjonen, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo innan nærmaste søknadsfrist. Eitt eksemplar av kvar bok skal også sendast til kvart av medlemmene i vurderingsutvalet:


Sindre Hovdenakk

Ullevålsvn 55
0171 Oslo

Dag Gjestland
Universitetsdirektørens kontor
Postboks 1072 Blindern
0316  Oslo

Eline Blom Poulsson
Asker bibliotek
Postboks 370
1372 Asker

Sissel Høisæter
ALU
Høgskulen Stord/Haugesund
Postboks 5000 
5409 Stord

 

Camilla Stoltenberg
Krokusveien 6
0875 Oslo



 

 

 

 


NB! Bokpakkane må merkast med ”Sakprosa – Norsk kulturråd”

 


Søknadsskjema

 

Søknadsskjema sakprosa bokmål.docx
Søknadsskjema sakprosa nynorsk.docx

Søknadsskjema sakprosa bokmål.pdfx
Søknadsskjema sakprosa nynorsk.pdfx

Avtale

Sakprosaavtale 2009.pdfx

 

 Publisert: 21.12.09

 

 

 

 

 

 

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer