
Innkjøpsordningene for ny norsk skjønnlitteratur
VIKTIG INFORMASJON: Søknadsskjema kan frå og med 2009 sendast inn elektronisk til post@kulturrad.no. Forlaget sender som vedlegg til e-posten eit følgjebrev der tal titlar i kvar sjanger inngår saman med oversikt over namn på forfattarane og titlar er ført i alfabetisk rekkefølgje. I tillegg skal kvart skjema leggjast ved i pdf- eller doc-format. Forlag som ønskjer å melde på meir enn seks titlar til ein runde, skal samla alle skjemaene i eit vedlegg. Brukt i eintal er 'innkjøpsordninga' identisk med Norsk kulturråds viktigaste støtteordning til ny norsk skjønnlitteratur. Samstundes er ei innkjøpsordning ein modell for korleis det offentlege kan støtte kunst ved å kjøpe inn kunstverk (bilde, CD'ar, bøker osb) for vidare fordeling til ulike institusjonar. Det finst difor fleire innkjøpsordningar - for andre litteratursjangrar og for musikk. Følgjande tekster gjeld dei to innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur.
Last ned søknadsskjema og retningslinjer her. Søknadsskjemaet finst på både bokmål og nynorsk og kan lastast ned både i pdf- og word- format. Søknadsskjema medlemmer bokmål.pdf Avtale om innkjøpsordningene - barn og unge (pdf)
Sist oppdatert: 06.11.09 |