Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Andre praktiske opplysningar om innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur


Siste påmeldingsfrist for både organiserte og ikkje-organiserte forlag er 10. juni, og bøker påmelde etter denne datoen vil ikkje bli vurderte (bøkene kan som før leverast seinare, men seinast innan 31.desember). Påmeldingsfristen for bøker som skal gis ut om våren, er 1. februar.

Éi-bok-regelen: Kulturrådet kan berre kjøpe inn ei bok per forfattar per ordning per år. Denne regelen vil bli praktisert strengt, dvs at Fagleg utval for litteratur ikkje vil gi dispensasjonar i samband med konkurransar, jubilé osb. Faste unntak frå regelen er dersom bok nr to er eit skodespel som skal setjast opp, eller ei tilrettelagd bok som er støtta av foreininga Leser søker bok. Også ved særskilt alvorlege sjukdomstilfelle hos forfattaren, der planlagd utgiving er blitt forsinka, kan Kulturrådet gi dispensasjon.

For forlag som ikkje er medlemmar av Den norske Forleggerforening og/eller Norsk Forleggersamband, eller medlemsforlag som etter søknad blir behandla som ikkje-organiserte forlag, gjeld følgjande:

- Desse forlaga må betale ein sum for behandlinga og vurderinga av påmelde bøker. Beløpet er sett til kr 6 000 for barne- og ungdomsbøker og kr 8 000 for bøker for vaksne og skal ved innsending av bøkene overførast til Norsk kulturfonds bankkonto nr 8276 01 00303, merkt "Søknad innkjøp". Kulturrådet betaler tilbake summen dersom boka blir innkjøpt. Ordninga er innført på bakgrunn av dei endringane som har skjedd i produksjonsmetodane for bøker. Beløpa dekker dei reelle utgiftene Norsk kulturråd har ved behandlinga og vurderinga av bøkene.

- Desse forlaga kan søkje om å få innkjøpt inntil tre - 3 - titlar pr ordning pr år.

 

Sist oppdatert: 14.09.10

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer