Ansvarsdeling
Forlaga:
Har ansvar for påmelding av bøkene, å halde fristane, for informasjon til forfattarane, Norsk kulturråd og A/L Biblioteksentralen, for levering og fakturering av bøkene, innsending av refusjonsskjema og korrekt utbetaling til den einskilde forfattar.
Forfattarane:
Har ikkje ansvar for praktiseringa av innkjøpsordningane. Bør ved underteikning av kontrakt med forlaget forsikre seg om at boka vil bli påmeld rett innkjøpsordning. Bør setje seg inn i royaltyvilkåra og følgje opp desse overfor forlaga. Bør passe på at forlaget ikkje held tilbake utbetalingar i tilfelle avslag.
Norsk kulturråd:
Har ansvar for budsjettering og økonomisk forvaltning, praktisk oppfølging av påmelde bøker, saksbehandling av prinsipielle avtalespørsmål, generell rettleiing og kontakt med forlag, forfattarorganisasjonar, presse osb.
Folkebiblioteka og skulebiblioteka i grunnskolen:
Har ansvar for å ta imot bøkene (kalla "kulturfondbøkene") og formidle dei til lesarane. Hovudbiblioteket i kvar kommune skal samarbeide med dei lokale skulane om fordeling av bøker til skulebiblioteka. ABM-utvikling fordeler boksetta til kommunane.
Sist oppdatert: 14.09.10