Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Bokkategoriar

Ordningane gjeld ny norsk skjønnlitteratur for vaksne og for barn og unge. Omgrepa definerer vi slik:

Ny litteratur:

  • Bøker utgitte av nolevande forfattarar. Posthum-regelen seier at bøker av forfattarar som har døydd i løpet av dei to siste åra, òg kan meldast på.
  • Omarbeidingar av tidlegare utgitte bøker når dei står fram som i hovudsak nye verk.
  • Dikt og noveller som alt har vore trykte i bøker, kan ikkje kjøpast inn i antologiar.

Norsk litteratur:

  • Bøker utgitte på bokmål, nynorsk og dialekt.
  • Utgivingar av samisk litteratur og bøker skrivne på eit anna språk enn norsk av forfattarar som bur i Noreg. Bøkene kan vere omsette til norsk så lenge originalutgåva kjem ut i Noreg.
  • Tospråklege utgivingar på norsk og eit anna språk.

Skjønnlitteratur:

  • Romanar, noveller, forteljingar, dikt, dramatikk i bokform (hørespel, skodespel og filmmanus) - for barn, unge og vaksne.
  • Gjendiktingar av utanlandsk lyrikk og skodespel i bunde form, men ikkje frå skandinaviske språk.
  • Gjendiktingar frå dansk og svensk berre under innkjøpsordninga for barne- og ungdomsbøker.
  • Memoarar, biografiar og bøker som Nasjonalbiblioteket klassifiserer som av "blandet innhold", med dikterisk preg. 

 

Sist endra: 23.03.10

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer