Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Innkjøp og vurderingsprosess

Innkjøpet 

Innkjøpsordningane blir regulerte av retningslinjer, òg kalla avtaler, om praktisering av ordningane.

Avtaleparter:
Den norske Forleggerforening, Norsk Forleggersamband, Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere og Norsk kulturråd.

Medlemsforlag:
Forlag som er medlem av ei av dei to forleggjrforeiningane (sjå over) og dermed bundne av avtalene for innkjøpsordningane.

Medlemsforlagene

  • melder bøkene på til ordningane til fristane det året dei blir utgitte
  • forpliktar seg til å utbetale eit royaltyforskot til forfattarane slik det står i avtalene
  • sender dei ferdigtrykte bøkene direkte til eit vurderingsutval (sjå under)
  • sender det rette tal eksemplar av bøkene til distribusjonssentralen så snart råd er etter lanseringa

Uorganiserte forlag (forlag som står utenfor dei to forleggjarforeiningane): 

  • søker Norsk kulturråd om å få kjøpt inn bøkene innan 10. juni det året dei blir utgitte
  • sender tre eksemplarer av ferdig trykt bok til Norsk kulturråd innan 31. desember i utgivelsesåret og Kulturrådet sender desse bøkene til det aktuelle   vurderingsutvalget
  • sender det rette tal eksemplar av bøkene til distribusjonssentralen når melding om at boka er godkjent er gitt

Vurdering av bøkene

Fire ulike vurderingsutval – etter sjanger – les dei påmelde bøkene. Utvala er første sorteringsinstans og skal etter beste skjønn vurdere om ei bok høyrer heime under ordninga når det gjeld litterær kvalitet og sjanger. Utvala skal ikkje ta stilling til tendens eller bodskap i bøkene.<br>

Vurderingsutvala:
Tre medlemmar som er oppnemnde av Norsk kulturråd etter framlegg frå organisasjonane på litteraturområdet: Den norske Forfatterforening, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Den norske Forleggerforening/Norsk Forleggersamband, Norsk Bibliotekforening, Norske Dramatikeres Forbund, Norsk kritikerlag, avd. for litteraturkritikk og avd. for teaterkritikk, Norsk filmkritikerlag og Nasjonalt fagråd for dei nordiske institutta ved universiteta.

  • Fire vurderingsutval, kvart med ansvar for éin sjanger: prosa, lyrikk, dramatikk i bokform (for barn/unge og vaksne), skjønnlitterær barne- og ungdomslitteratur.
  • Funksjonsperiode: to år med mogleg gjenoppnemning, maksimum seks år.
  • Godkjenning: Medlemsforlaga får ikkje melding ved godkjenning - det såkalla automatiske prinsipp. Uorganiserte forlag får melding om godkjenning og leveringsmåtar.
  • Avslag: Grunngivinga gjeld anten at boka ikkje har den naudsynte litterære kvaliteten til å kome inn under ordninga, eller at ho sjangermessig ikkje høyrer heime der.
  • Medlemsforlaga får bøkene sine automatisk klagebehandla. Uorganiserte forlag får melding om vidare framgangsmåte. Båe kategoriar forlag må levere fem eksemplar av boka til behandlinga i Ankenemnda

Klagebehandling

Tre ankenemnder behandlar klage- eller ankesaker på avslag om innkjøp. Ankenemndene gir tilrådingar til Norsk kulturråd, som gjer endelege vedtak. Forlaga kan ikkje klage på det kunstneriske skjønnet som ankenemndene legg til grunn for tilrådinga, berre på feil i saksbehandlinga.

  • Ankenemndene: Fem medlemmar oppnemnde av Norsk kulturråd etter forslag frå organisasjonane på litteraturområdet.
  • Tre ankenemnder: for skjønnlitteratur (prosa og lyrikk) for vaksne lesarar, dramatikk i bokform (for barn/unge og vaksne) og barne- og
    ungdomslitteratur.
  • Funksjonsperiode: tre år i gangen, maksimum seks år.
  • Godkjenning: For medlemsforlag blir innkjøpet kort stadfesta i brev. Uorganiserte forlag får skriftleg melding om leverings- og faktureringsmåtar.
  • Avslag: Ei kort grunngiving er utforma for den einskilde tittel. Medlemsforlaga må betale tilbake innkjøpssummen og 75 % av Norsk kulturfonds refusjon til forlaget for forfattarforskotet. Forfattaren skal ikkje godta avkorting i betalinga. Uorganiserte forlag får melding om at saka er avslutta.

 

Sist oppdatert: 14.09.10

 

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer