Målet med innkjøpsordningane
Frå opprettinga av innkjøpsordninga for skjønnlitteratur i 1965, samstundes med Norsk kulturfond, har ordninga hatt tre uttalde mål:
Sikre utgiving
Innkjøpsordninga garanterer forlaga eit minstesal på 1 000 eksemplar av bøker for vaksne og 1 550 eksemplar av barne- og ungdomsbøker – 1 000 til folkebiblioteka og 550 til skulebibliotek i grunnskolen. Med ein slik salsgaranti kan førsteopplaga bli større, og forlaga kan gi ut litteratur som det elles ikkje hadde vore så lett å publisere med tanke på salet åleine.
Sikre tilgang til bøkene
Dei innkjøpte bøkene sendast til folke- og skulebiblioteka og til nokre mottakarar i utlandet. Publikum kan slik gjere seg kjent med heile årgangar av samtidslitteraturen.
Sikre forfattarane betre inntekter
Norsk kulturråd betaler ein del av forfattaranes royalty. Den aukar til 20 % for prosa og dramatikk og til 22,5 % for lyrikk og barne- og ungdomsbøker mot normalt 15 %. Slik hjelper ordninga til å betre forfattaranes økonomiske kår og rekruttering til yrket.
Sist oppdatert: 14.09.10