I siste møte løyvde Norsk kulturråd over 1 mill kroner til produksjonsstøtte og utviklingsstøtte for over 50 titlar på nynorsk. Under innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur blei det óg kjøpt inn fleire nynorsktitlar. (23.04.08)

Den mest kjente tittelen blant desse er J.R. Tolkiens Hobbiten, som til hausten altså blir å finne i nynorsk språkdrakt. Eilev Groven Myhren står bak omsetjinga, som han óg gjorde i fjor då Ringdrotten blei lansert, etter tre år med intenst arbeid. I Ringdrotten eksperimenterte Myhren med å la karakterane snakke ulike former for norske dialektar, som til dømes alvedronninga Galadriel, som nytta Ivar Aasens landsmålnormal frå 1864 for å uttrykkje seg.
Hobbiten blir gjeve ut på Tiden forlag, men ikkje overraskande står Det Norske Samlaget bak dei fleste søknadene på støtteordninga for nynorsk litteratur. Men også andre forlag nyttar høve til å satse på nynorsken. Til dømes har nykomaren Karviland forlag til saman fått ei løyving på kr 70 000 for å gje ut den islandske forfattaren Andri Snær Jónsdóttirs Den blå planeten i omsetjing som lydbok, medan Spartacus får produksjonsstøtte til Kari Hesthamars bok om Leonhard Cohens norske muse Marianne.
Bilde: Illustrasjon frå boka Hobbiten av J.R.R. Tolkien
Sjå dei siste tildelingane frå Kulturrådet