Tidsskrift - produksjonsstøtte
Informasjon og søknadsskjema for innkjøpsordninga for tidsskrift finn du her.
Mål
Ordninga skal sikre eit breidt tilbod av kulturtidsskrift som vil nå eit allment publikum med informasjon om og refleksjon over kultur- og samfunnsspørsmål, eller som presenterer og analyserer kunstartane og kulturvernet.
Kva kan det søkjast støtte til?
- Tidsskrift som tar opp eit mangesidig tilbod av emne og tema på ein god og lettfatteleg måte.
- Tidsskrift som blir redigert og utgitt i Noreg.
- Tidsskrift som i hovudsak inneheld originale artiklar.
- Tidsskrift som blir trykt på andre språk enn norsk, må vere retta mot eit publikum i Noreg.
- Reine nett-tidsskrift får ikkje støtte.
Støtte
Støtta blir gitt som ein produksjonsstøtte på inntil kr 110 000. Søkjarane kan markere om dei søkjer oppstartsstøtte/særskild støtte. Produksjonsstøtte kan ikkje kombinerast med innkjøpsstøtte under innkjøpsordninga. Informasjon om innkjøpsordninga finn du her.
To særskilde støtteformer kan søkjast om separat eller i kombinasjon med produksjonsstøtte eller innkjøpsstøtte:
- Støtte til minoritetsspråklege tidsskrift (totalt inntil kr 75 000 til fordeling)
- Nynorskstøtte (inntil kr 25 000 per tidsskrift med minst 25 % nynorskandel)
Søknadsfristar
Tidsskriftstøtta blir gitt for eitt år om gongen, og ny søknad må sendast inn kvart år. Hovudsøknadsfristen for produksjonsstøtte er 1. september.
For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.
Søknadsskjema og retningslinjer kan lastast ned her både i pdf- og word:
SØKNADSSKJEMA FOR PRODUKSJONSSTØTTE:
Søknadsskjema produksjonsstøtte kulturtidsskrift bokmål.pdf xx xx
Søknadsskjema produksjonsstøtte kulturtidsskrift bokmål.doc
Søknadsskjema produksjonsstøtte kulturtidsskrift nynorsk.pdf xxxx
Søknadsskjema produksjonsstøtte kulturtidsskrift nynorsk.doc
RETNINGSLINJER
xx
Retningslinjer kulturtidsskrift.pdf
Snarveg til tildelingar
Det er ikkje lenger naudsynt å sende inn budsjett og rekneskap.
Sist endra: 01.02.10