Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Vekeaviser - produksjonsstøtte

 

NB! Søknader frå månadsaviser vil frå 2011 bli behandla saman med tidsskrift. Produksjonsstøtteordninga for tidsskrift har søknadsfrist 1. september. Dersom de har spørsmål, så ta kontakt med administrasjonen.

Formål:

Tilskotsordninga for vekeaviser skal bidra til å halde oppe og utvikle vekeaviser med ulik kulturell og samfunnsmessig verdi.

Vilkår:

Følgjande publikasjonar kan kvalifisere for tilskott:

a) Vekeaviser for eit allment publikum med hovudvekt på kultur- og kommentarstoff og som er viktige arenaer for offentlig debatt. Publikasjonene må holde høy redaksjonell kvalitet, være redigert på norsk (bokmål eller nynorsk), og ha vesentlige innslag av originalbidrag på norsk.

b) Vekeaviser er i denne samanhengen publikasjonar med minst 48 utgåver i året, og skal ha eit opplag på minst 500 betalte eksemplar.


Hovudkriterier for støtte:

  • Grunnlaget for løyvingane er ei brei fagleg vurdering av avisa si redaksjonelle verksemd og prioriterte stoffområde samt tydinga for offentleg debatt.
  • Distribusjonen og nedslagsfeltet må i prinsippet vere riksdekkande.
  • Redaksjonelt stoff skal utgjere meir enn halvparten av innhaldet i avisa.
  • Avisa skal ha ein ansvarleg redaktør og vere redigert i tråd med reglane i Vær Varsam-plakaten, Redaktørplakaten og Tekstreklameplakaten. Dette skal det bli opplyst om i avisa.
  • Avisa skal ta betaling for abonnement, laussal og annonser.
  • Det blir lagd vekt på soliditet, effektivitet, stabilitet og profesjonalitet i avisdrifta. Budsjett med kommentarar må leggast ved søknaden. Dette må være i balanse og vise kva eit eventuelt tilskott frå Norsk kulturråd skal nyttast til.

Søknadsfrist:

Søknad for 2012 må sendast innan 1. desember 2011. 

Søknadene blir behandla av Utvalet for periodiske publikasjonar, som fremjer tilrådingar til Norsk kulturråd.

Søknadsskjema:

Søknadsskjema (doc)
Søknadsskjema (pdf)

Retningsliner:

Retningsliner (pdf)

 

Kontaktperson: Line Fallan Sørensen 22 47 83 53 eller e-post

Sist oppdatert: 11.08.11

Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer