Hopp til innhold

Nynorsk litteratur


Mål


Ordninga skal sikre at det finst utgivingar på nynorsk i flest mogleg sjangrar. Norsk kulturråd vil bruke midlane til særleg å støtte opp om fleire nynorskutgivingar for barn og unge og sakprosaprosjekt for vaksne.

Kva kan det søkjast støtte til?

  • Omsette barne- og ungdomsbøker og omsett dramatikk som ikkje kjem inn under innkjøpsordninga for omsett litteratur
  • Faglitteraturprosjekt for barn og ungdom (originale) på nynorsk
  • Sakprosa/fagbøker på nynorsk (originale og omsette)
  • Sakprosa-/fagbokprosjekt (originale og omsette) innanfor emne og sjangrar der nynorsk er lite eller ikkje brukt i dag

Skjønnlitterære barne- og ungdomsbøker som blir kjøpte inn under innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur, vil automatisk få tildelt ei grunnstøtte etter at boka er innkjøpt. Det er ikkje naudsynt å søkje særskilt om dette.

Det er forlaget (utgivaren) som søkjer.

Kva type støtte kan ein søkje?

Løyvingane blir gitt som tilskot til å dekke delar av produksjonskostnadene eller som utviklingsstøtte. Storleiken på tilskotet vil variere alt etter kompleksiteten i prosjektet, bokkalkylen og forventa marknad for kvar einskild bok. Den tidlegare maksimumssummen på kr 40 000 fell bort. Dei friske midlane blir fordelte slik:

- Inntil kr 500 000 blir gitt i grunnstøtte til innkjøpte barne- og ungdomsbøker  på nynorsk innanfor innkjøpsordninga for skjønnlitteratur for barn og unge. Tildelinga skjer automatisk i etterkant av vurderinga av innkjøp.

- Inntil kr 200 000 blir gitt i utviklingsstøtte til fagbokprosjekt for barn og unge på nynorsk. Tildelinga skjer på grunnlag av budsjettsøknader til dei vanlege søknadsfristane og før eventuelt innkjøp under innkjøpsordninga for barn og ungdom.

- Inntil kr 300 000 blir gitt i utviklingsstøtte til bøker på nynorsk innanfor emne og sjangrar der nynorsk er lite brukt i dag. Tildelinga skjer på grunnlag av prosjektsøknader til dei vanlege søknadsfristane.

Resten av avsetjinga til nynorsk litteratur blir fordelt som produksjonsstøtte etter tidlegare mønster.

Sjå elles retningslinjene og søknadsskjema.

 

Søknadsfristar: 1. juni og 1. desember

 

For meir informasjon kontakt litteraturseksjonen.

Retningsliner og søknadsskjema kan lastast ned her:

Retningsliner nynorsk litteratur.doc  x  Retningsliner nynorsk littteratur.pdf

Utviklingsstøtte:

Søknadsskjema utviklingsstøtte nynorsk litteratur  (nynorsk, doc)       
Søknadsskjema utviklingsstøtte nynorsk litteratur (nynorsk, pdf)

Søknadsskjema utviklingsstøtte nynorsk litteratur (bokmål, doc)       
Søknadsskjema utviklingsstøtte nynorsk litteratur (bokmål, pdf)

 

Produksjonsstøtte:

Søknadsskjema produksjonsstøtte nynorsk litteratur (nynorsk, doc)     
Søknadsskjema produksjonsstøtte nynorsk litteratur
(nynorsk, pdf)

Søknadsskjema produksjonsstøtte nynorsk litteratur (bokmål, doc)    
Søknadsskjema produksjonsstøtte nynorsk litteratur (bokmål, pdf)

 

Snarveg til tildelingar

 

Sist oppdatert: 27.07.10

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer