Hopp til innhold

Strategi 2006 - 2010

Bakgrunn

Norsk kulturråd merkar at verdien av det kunstnarlege skjønet er under press. Utøvinga av dette skjønet må heile tida vurderast kritisk, men noko alternativ til dette finst ikkje som kan fremje uavhengig, kritisk, sjølvstendig og sterk kunst. I den grad dei økonomiske rammevilkåra i bokbransjen set dei redaksjonelle vurderingane under press, blir det særleg viktig for Norsk kulturråd å framheve verdien av det kunstnarlege skjønet, behovet for redaksjonell kvalitet og evne til målretta formidling.

 

Momsfritaket, støtteordningane i Norsk kulturråd og bokavtalen mellom partane i bokbransjen er berebjelkane i den offentlege litteraturpolitikken. Desse påverkar kvar på sin måte utviklinga i bokbransjen og kva typar litteratur som dominerer. Viss støtteordningane i Norsk kulturråd blir for marknadsdominerande, kan dette få utilsikta følgjer for både kunstnarleg innhald og utbreiing av litteraturen. Både den sterke marknadsmakta i bokhandelkjedane og offentlege innkjøp av læremiddel i heile skuleverket endrar dessutan driftsgrunnlaget for mange forlag.

 

For Norsk kulturråd er det eit sentralt kulturpolitisk spørsmål å vurdere kva boktypar og sjangrar det er særleg viktig å styrkje på tvers av marknadstendensane, og kvar det kan vere nødvendig å unngå overstimulering. Vi må gjere meir for å formidle breidda av litteratur, i tett samarbeid med biblioteka. Endringane i rammevilkåra gjer det naudsynt å prøve å vere i forkant, ta initiativ, vere med og setje dagsorden. I perioden gjeld dette særleg for utviklinga av e-bøker, der det trengst fleire grundige utgreiingar og målretta pilotprosjekt. E-boka kan få mykje å seie for rammevilkåra for både forfattarar, forlag og salsledd. Norsk kulturråd vil følgje denne utviklinga nøye, og vere i forkant så langt råd er.

 

Aukande titteltal i dei fleste bokkategoriane har ført til eit økonomisk press på m.a. innkjøpsordningane for skjønnlitteratur, der avsetjingane ikkje lenger kan dekkje full betaling for alle dei påmelde titlane som til slutt blir kjøpte inn. Presset mot ordninga for barne- og ungdomsbøker er urovekkjande, og kan rokke ved tilliten til innkjøpsordningane generelt.

 

Kulturrådet vil arbeidet for at dei automatiske innkjøpsordningane skal bli verande automatiske. Å styrkje innkjøpsordningane er også med og styrkjer folkebiblioteka. I det partssamansette Drøftingsutvalet for innkjøpsordningane må partane frå år til år drøfte korleis ein kan finne fram til konstruktive og økonomisk akseptable løysingar.

 

Kulturrådets ansvar og oppgåver

Norsk kulturråd har hovudansvaret for tiltak som sikrar eit breitt tilbod av bøker for allmennmarknaden, periodiske publikasjonar og teikneseriar. Rådet vil halde oppe og sikre effektive støtteordningar som er med og gjer boklesing til ein kjerne i kulturforbruket. Samstundes vil vi jamleg vurdere korleis desse ordningane kan styrkjast og innrettast slik at dei er med å gjere fleire til boklesarar. Dette inneber å analysere og drøfte korleis dei verkemidla rådet har til rådvelde, best kan brukast. Eit overordna mål er at ordningane skal stimulere til utgiving av kvalitetslitteratur innanfor ei stor breidd av sjangrar.

 

Rådet vil vidareutvikle seg som eit ”kvalitetstilsyn” for norsk litteratur med eit overblikk over kva som skjer rundt i landet. Vi legg særleg vekt på prosjekt som kan få store ringverknader og nå ut til mange, men ser også verdien av det nytenkte og uventa. Rådet vil sikre midlar for prosjektbasert støtte til formidlingstiltak og andre tiltak som fremjar litterær debatt og kritikk, eller som er med og styrkjer interessa for litteratur og lesing. Særleg viktig er det å utvide støtteordningane for nynorsk litteratur slik at det kan kome ut fleire og betre nynorskbøker. Rådet vil også halde oppe og styrkje tiltak for bøker av minoritetsspråklege forfattarar, på ein måte som fremjar fleirkulturell dialog.

 

Norsk kulturråd har høve til sjølv å ta initiativ til nærmare undersøkingar av område der det kan vere aktuelt med ekstra innsats. Vi vil styrkje rådets dagsordenfunksjon og rolle som initiativtakar eller igangsetjar på litteraturfeltet. Rådet legg stor vekt på at endringar og prioriteringar skal vere kunnskapsfunderte. Vi vil difor jamleg evaluere etablerte støtteordningar og delar av desse, og følgje særleg nøye med på utviklinga av nye støtteordningar. Samstundes som rådet vil gjere endringar der det viser seg å vere nødvendig eller føremålstenleg, vil vi ta omsyn til dei behova både forfattarar, forleggjarar og distributørar har for stabile og føreseielege avgjerder om bruk av midlar og profil på støtteordningane.

 

Støtte til veke- og månadsaviser og tidsskrift er blitt eit stort arbeidsfelt for Norsk kulturråd. Vi legg vekt på at støtteordningane til denne delen av litteraturen skal vere i samsvar med overordna kulturpolitiske mål, mandatet for Norsk kulturråd og på høgd med utviklinga i denne delen av litteraturfeltet. Vi vil halde fram med å styrkje tidsskrifta, og vi vil syte for at støtta til veke- og månadsaviser er med og fremjar mediemangfaldet i landet.

 

Etter målretta satsing på utvikling av teikneseriar over lengre tid ser Norsk kulturråd no handfaste resultat. Tida er inne for å få til ei selektiv innkjøpsordning for teikneseriar.

 

 

Handlingsplan 2010

 

Innkjøpsordningane for litteratur

I arbeidet med innkjøpsordningane vil Norsk kulturråd i 2010:

  • Finne fram til økonomiske løysingar for dei to innkjøpsordningane for ny norsk skjønnlitteratur saman med avtalepartane.
  • Vere ein av fleire pådrivarar for løysing av momsspørsmålet og fastprispolitikken når det gjeld e-bøker.
  • Om oppnemnd, delta i utval for utgreiing av fildelings- og åndsverkspørsmål for digital litteratur og musikk.
  • Forhandle med forlag og forfattarar om vilkår for innkjøp av e-bøker og lage avtalar for slikt kjøp.
  • Finne fram til praktiske løysingar i samarbeid med ABM-utvikling og Biblioteksentralen for innkjøp og formidling av utvalde e-bøker innanfor alle fem innkjøpsordningane.
  • Setje i verk eigeninitierte prosjekt for kjøp og distribusjon av e-bøker.
  • Finne fram til ei endeleg løysing for innkjøp av teikneseriealbum.
  • Arrangere eit informasjonsmøte med redaktørane om sakprosaordninga.
  • Arrangere eit dialogmøte med avtalepartane om vurdering av barne- og ungdomsbøker.
  • Undersøkje om utviklinga innanfor dei ulike litterære sjangrane fører til naudsynte endringar i dei eksisterande avtaleverka for innkjøpsordningane.
  • Arrangere ein ny formidlingsturné for sakprosa og tidsskrift for å komme i dialog med folkebiblioteka og vurdere om det er andre ordningar som ein kan gjere det same med.
  • Evaluere programmet for innkjøp av omsett litteratur frå Asia og Afrika på originalspråk (”Mosaikk-litteratur”) og evt gjere det permanent.
  • Samarbeide med ABM-utvikling om Leseåret 2010.
  • Støtte vidare profesjonalisering av forleggjar-, forfattar- og omsetjarrollene gjennom informasjon om støtteordningane og med direkte tilskott til tiltak i regi av organisasjonane.

 

Tiltaka vil skje innanfor desse rammene:

Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for vaksne 

 kr 44 860 000

Innkjøpsordninga for ny norsk skjønnlitteratur for barn/unge

 kr 28 554 000

Innkjøpsordninga for faglitteratur for barn/unge

 kr   7 921 000

Innkjøpsordninga for omsett skjønnlitteratur, inkl. bonus

 kr 13 157 000

Innkjøpsordninga for sakprosa

 kr 16 430 000

E-bøker på alle innkjøpsordningane, prøveprosjekt

 Kr  1 000 000

 

Produksjonsstøtteordningane

I arbeidet med produksjonsstøtteordningane vil Norsk kulturråd i 2010:

  • Dokumentere sjangeroverskridande prosjekt, t.d. mellom teikneseriealbum,  teikneserieromanar og biletbøker med tanke på justeringar av eksisterande ordningar.
  • Lage endelege retningsliner for tildeling av tilskot til nye norske teikneseriar etter ei evaluering.
  • Lage utdjupande retningsliner for tildeling av klassikarstøtte, og med tanke på e-bøker.
  • Gjennomføre formidlingsprosjektet "Bla" for fjerde gong for å synleggjere norske bildebøker for barn i bokhandlar.
  • Innføre nye søknadsfristar for dei fleste av ordningane for å harmonisere dei med andre fristar i Norsk kulturråd.

 

Tiltaka vil skje innanfor desse rammene:

Biletbøker for barn   

kr 1 461 000

Klassikarstøtte       

kr    899 000

Nynorsk litteratur   

kr 3 030 000

Teikneseriar          

kr 2 365 000

 

Andre litteraturtiltak

I arbeidet med litteraturformidling, kritikk og offentleg debatt vil Norsk kulturråd i 2010:

  • Halde fram med støtteordninga for litteraturfestivalar, litteraturspel, -veker, - dagar, -mønstringar osb. med ny søknadsfrist 1. desember for 2011.
  • Bruke litteraturfestivalane til målretta profilering av støtteordningar og eigne initiativ.
  • Støtte nye formidlingstiltak med særleg vekt på dei som er retta inn mot barn og unge, elevar i vidaregåande skule, og lesarar med særskilde behov.
  • Prioritere formidlingstiltak overfor minoritetsspråklege miljø som fremjar språkleg utveksling og kulturell toleranse og sjå på korleis desse midlane kan nyttast betre.
  • Støtte tiltak som prøver ut nye metodar i litteraturformidlinga, gjerne i samarbeid med ABM-utvikling.
  • Vere i dialog med institusjonar og organisasjonar som arbeider med litteraturformidling både nasjonalt, regionalt og lokalt.
  • Prioritere søknader om støtte til arrangement og prosjekt med litteraturkritikk som tema, og som kan få ringverknader.
  • Delta på nordiske og internasjonale arenaer der sentrale litteraturspørsmål blir diskutert.

Tiltaka vil skje innanfor desse rammene:

 

Litteraturfestivalar

kr 1 884 000

Andre litteraturtiltak

kr 4 609 000

 

 

Periodiske publikasjonar

I arbeidet med periodiske publikasjonar vil Norsk kulturråd i 2010:

  • Utvikle innkjøpsordninga for tidsskrift slik at tidsskrift og bibliotek får mest mogleg effekt ut av ordninga.
  • Samarbeide med Norsk tidsskriftforening om vidare profesjonalisering og profilering av kulturtidsskrifta.
  • Halde eit informasjonsmøte om støtteordninga for veke- og månadsaviser, som blir ført vidare i tråd med reviderte retningsliner frå hausten 2009.

 

Tiltaka vil skje innanfor desse rammene:

 

Tidsskrift

kr    5 900 000

Veke- og månadsaviser

kr 17 756 000

I alt

kr 23 656 000

 

Publisert: 29.01.10 

Norsk kulturråd, Postboks 101 Sentrum, 0102 Oslo Tlf: +47 22 47 83 30 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer