Hopp til innhold

Nasjonalt nettverk for folkemusikk

Den norske folkemusikkscena ved Landslaget for Spelemenn er i gang med å byggje opp eit nasjonalt nettverk av scener og arrangørar for folkemusikk og -dans. Nettverket skal stimulere lokale arrangørar til å opprette ein arena for folkemusikk i lokalmiljøet. (19.02.09)

Nasjonalt nettverk for folkemusikk

- Målet er å etablere eit nettverk av faste folkemusikkscener rundt om i landet. Dette nettverket må på plass for å kunne realisere faste landsomfattande turnear med folkemusikk og dans, skriv Landslaget for Spelemenn i sin søknad om tilskot. Folkemusikkscena er meint å vere arenaar der det skal vera mogleg å presentere både tradisjonelle og nye, gjerne grensesprengjande folkemusikalske uttrykk. Scenene er primært etablerte som arenaer for den norske folkemusikken, men ein har også tenkt seg eit forum der det er plass for andre land sin folkemusikk. Dette for kunne sjå og setje folkemusikken inn i ein breiare internasjonal kulturell og musikalsk samanheng. Prosjektet vert administrert av Landslaget for spelemenn i samarbeid med Norsk Folkemusikk- og Danselag.

 

Allereie 15 klubbar

 

Det er allereie oppretta eit nettverk med 15 folkemusikklubbar over heile landet: Oslo, Fagernes, Ål, Rauland, Bø, Valle, Farsund, Hardanger, Voss, Bergen, Førde, Vågå, Røros, Tromsø og Målselv. For 2009 ligg det an til at nettverket blir utvida med yttarlegare sju klubbar. Alle fylke i Noreg vil då vere representert i nettverket.

- Vi meiner dette er ei fornuftig, viktig og naudsynt satsing, og at det direkte kjem utøvarane til gode, seier Landslaget for Spelemenn i sin søknad.

Frå ei av medlemsscenene, Folkemusikkpøbben i Tromsø, fortel tidlegare dagleg leiar, Sigrunn Haugli , at dei er svært fornøgd med nettverksordninga.
- Det er heilt klart ein fordel å vere med i Den Norske Folkemusikkscena for klubbar som oss. Dei tilbyr oss gunstige folkemusikkturnear det elles hadde vore vanskeleg for oss å få arrangert, seier Haugli.

 

Viktig aktør for utvikling  

 

Det endelege målet er ein utviding av nettverket til 25 klubbar, som då vil bli organisert innafor fem regionar med fem klubbar i kvar. Programmeringa vil då vere ein kombinasjon av at dei lokale klubbane innan kvar region sjølv står for programval, og at Den norske folkemusikkscena sentralt legg ein vår- og ein haustturné med artistar som vil vere av interesse for heile nettverket.

Kulturrådet meiner at Den norske folkemusikkscena spelar ei viktig rolle i utviklinga og styrkinga av lokale arrangørar på folkemusikkområdet, i tillegg til å vere svært sentral som produsent av konsertar og turnear.

 

Kulturrådet har løyva 780 000 kr til Folkemusikkscena.

 

 

http://www.folkemusikkscena.no/heim

 

 

 

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer