Hopp til innhold

Samtidsmusikk på travbanen

Borealis - Bergen Internasjonale Samtidsmusikkfestival - set i gong med prosjektet Bergen Elektroniske Travpark. Dette er eit tverrkunstnarisk prosjekt som involverer elektronisk musikk, barn, arkitektur og hestesport. (22.02.08)

Samtidsmusikk på travbanen

Utgangspunktet for prosjektet er den gamle tradisjonen med levande musikk på travbanen. Før i tida spelte oftast korps før sjølve løpet starta. Musikken akkompagnerte hestane som sprang i prosesjon - defilerte - rundt banen for dei skodelystne.

- I dag er denne tradisjonen for levande musikk nærast gløymd, og som oftast spelast ein CD over høgtalaranlegget. Med Bergen Elektroniske Travpark vil vi utfordre denne tradisjonen med nyskapande musikk for dette spesielle og folkelege målet, seier festivalsjef i Borealis, Nicholas H. Møllerhaug,

Ein sentral del av prosjektet er retta mot barn, i samarbeid med Den kulturelle skolesekken.
Difor får barna - med hjelp frå aktørar i Bergens elektronikamiljø - i oppgåve å komponere tonemotiv, småstykke, miniatyrar eller jinglar for dei ulike hestane i travmiljøet rundt Åsane ved Bergen.

 

- Vi  startar opp eit av verdas få prosjekt for dyr og elektronika. Nett som fortidas komponistar stadig vart inspirerte av dyreverda, tek Borealis denne tradisjonen vidare. Den store forskjellen er at musikken til dette prosjektet blir komponert spesifikt til dyr i ein "livesituasjon", forklarer Møllerhaug.

 

Premieren finn stad på Bergen Travpark under Borealisfestivalen i 2009. Men allereie i 2008 startar prosjektet med klassebesøk, innsamling av lyd og ein utandørs konsert i Bergen, som forsmak på den store finalen i 2009.



Kulturrådet løyver 200 000 kroner til det tverrkunstnariske prosjektet.

 

Borealisfestivalen 2008 startar 26. februar, og årets tema er Høge tre og ekstrem tradisjon.

Skrevet av: Heidi Nesttun Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer