Hopp til innhold

Grøssaropera for barn

Trio Alpaca sett til hausten opp samtidsoperaen Søtskolen, ein operagrøssar for dei yngste. Mot, styrkje, veikskap og vilje er nokon av tema i oppsetninga som har noregspremiere ved Teaterhuset Avantgarden i september. (23.06.09)

Søtskolen

Trio Alpakka er ein pianotrio frå Trondheim  med utdanning frå Royal College of Music i London. Dei tre kammermusikarane speler også saman med ei rekkje andre musikarar og kunstnarar.

Nå har trioen fått 400 000 i tilskot frå Kulturrådet for å setje opp ein skremmande opera for barn.

 

Ikkje berre søt

Søtskolen tek føre seg korleis barn, og særskilt jenter vert utsette for omgjevnadane sine krav til å vere snille og å sjå ut på ein viss måte. Men er det alltid det beste å vere så snill og søt? Hovudpersonen i stykket finn ut at det òg finst andre eigenskapar som er viktige å ha med på vegen.

Viktige tema i oppsetjinga er mot, styrkje, veikskap og vilje, og det er lagt opp til ei kontrastfylt framsyning med både spenning og humor kombinert med eit alvorleg innhald. Det røffe uttrykket og grøssarforma er skapt for eit ungt publikum, og meint å vere ein invitasjon til å reflektere over såre spørsmål om identitet kopla til det vakre og det stygge.

 

Sverige og Tyskland

Bildet viser en skuespiller og en haug med hodeskaller, fra forestillingen Søtskolan, da den ble satt opp i Sverige

Søtskolen var opphavleg  skrive for dei svenske rikskonsertane i 1999 og er tidlegare sett opp i Sverige og i Tyskland.

Operaen er skriven for  to sopranar, ein mezzosopran og ein baryton. Musikken er skriven av den nordiske samtidskomponisten, Karin Rehnqvist, og librettoen av dramaturg Kerstin Klein-Perski. Orkesteret består av Trio Alpaca med utvida besetning og songarane er Lars Eggen, Hazel Eilertsen, Kathrine Strugstad og ei overrasking.

Førestellinga skal setjast opp ved Teaterhuset Avantgarden sin barneteaterfestival i september 2009.

 

 

 

 

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 23.12.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer