
Tverrfaglige satsningerMange av søknadene som kjem inn til Kulturrådet, fell utanfor eller går på tvers av etablerte fag- og satsingsområde. Ein del av desse tiltaka er tverrfaglege og blir behandla parallelt i fleire fagutval. Kulturrådet tek også sjølv initiativ i tråd med hovudsatsingsområda i verksemdsplanen eller på andre område der rådet meiner det er behov for det.I tillegg er det sett av midlar på ein eigen disposisjonspost, Andre formål, som gjer det mogleg å prøve ut prosjekt som fell utanfor ansvarsområdet til det enkelte fagutvalet. Større forsøksordningar og eingongstiltak blir prioritert, slik som på dei andre områda i Kulturrådet. Mellom satsingane innan det tverrfaglege er til dømes forsøksordninga for gjestespel på scenekunstområdet, produksjonsnettverk for elektronisk basert kunst (PNEK), ”Mens vi venter på Operaen” og formidling av fleirkulturell musikk. Utgreiingar og evalueringar er finansierte med ca. ein million kroner frå avsetninga. |