
Várjjat Sámi Musea/Varanger Samiske Museum ynskjer å gje publikum ei innføring i temaet med moglegheit for å besøke eit tilrettelagt uteområde med kulturminne relatert til samisk tru og mytologi.
Temaet tru og mytologi skal formidlast på ein måte som vekkjer interesse hjå barn og vaksne ved bruk av lyd- og ljoseffektar, bilete, figurar og interaktive kart. I nettutstillinga vil publikum få oppleve ei spanande samisk førestillingsverd og ulike tema frå samisk førkristen tru og mytologi. Senteret skal òg gje moglegheit til fordjuping, det vere seg for elevar, studentar, fagfolk eller turistar.
På neset finst ei svært rik samling av kulturminne frå 10 000 år tilbake og fram til i dag. Det samiske namnet Ceavccageadge stammar frå offersteinen på sørsida av neset og tyder Tranesteinen eller Grakesteinen. På offersteinen vart tran og grakse (botnfall frå trankoking) heilt fram til midten av 1800-talet ofra for god fiskelukke.
Rundt transteinen ligg ti konsentriske ringar, som truleg har hatt form som ein labyrint i tidligare tider. I landskapet rundt finst det mange spor etter aktivitetar knytta til tru og mytologi. Det finst òg ei rekkje andre offerstader og heilage fjell, i tillegg til tufter frå steinalder, tidleg bronsealder, jernalder og middelalder.
For samane fann overgangen til kristendommen stad som ein stegvis prosess s over fleire hundre år, men var særleg markant på 1600-talet. Dette skjedde ikkje utan problem. Harde verkemiddel vart tekne i bruk, som til dømes øydelegging av viktige offerplassar og gjenstandar knytt til samisk tru, for eksempel tromma.
Element av den samiske trua lever framleis i det samiske samfunnet. Mange har kunnskap om og ei ærefrykt andsynes heilage stader. Vidare blir det framleis fortalt gamle sagn og mytar som vidarefører verdiar knytta til den gamle trua. Men mykje er gløymt, fordi det har vore tabu for mange. Difor er det viktig å dokumentere og formidle den kunnskapen som framleis finst.
Kunnskapssenteret opnar våren 2008. Ceavccageadge/Mortensnes vart freda av Miljøverndepartementet i 1998, og står no på Noregs tentative verdsarvliste til UNESCO.
Kulturrådet gjev eit tilskott på 750 000 kroner fordelt over to år til prosjektet, i tillegg til 100 000 kroner til mobilguiding på anlegget.
Bilde: Informasjonshallen på Ceavccageadge/Mortensnes.