Hopp til innhold

Tekststørrelse:

A A A

Union Scene i Drammen

Kulturrådet gir 800 000 kroner i 2006 til eit utviklingsprosjekt til Union Scene i Drammen. Union Scene skal gjerast til eit nasjonalt kompetansesenter for fleirkulturell formidling. (05.01.06)

Union Scene i Drammen

Senteret vil etablere eit team av utøvarar med minoritetsbakgrunn med høg kompetanse og sterke formidlareigenskapar til å undervise og produsere for bl.a. Den kulturelle skolesekken og Union Scene. Kvar uke får mer enn 600 barn og unge opplæring i musikk, drama og kunst i kulturskolen.



Det skal utviklast eit undervisningstilbod i kulturskulen der særleg tyrkisk og indisk musikk og dans står i fokus. Senteret skal òg samarbeide med andre kulturaktørar og jobbe med arrangør- og publikumsutvikling.

 

Union Scene vart opna i september 2005 og inneheld bl.a. Drammen kulturskole, Matendo kulturkafé, kvalifiseringsprosjektet Masala, Brageteatret, Drammen Innvandrerråd, Nedre Buskerud Teaterverksted og Kunstnersenteret i Buskerud. Senteret har ca. 4 000 kvadratmeter til kulturføremål, deriblant tre teater- og konsertscener.

 

Kulturrådet gav i 2002 ein million kroner til forprosjektering og investeringar på Union Scene.

Skrevet av: Heidi Sunde
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer