Det er då sjølvsagt fleire møtepunkt med Norsk kulturråds ansvarsområde, og det er positivt at meldinga talar for eit ope og samhandlande syn når det gjeld kyrkjeleg engasjement på kunst- og kulturområdet. ”Et kirkens senter for skapende og utøvende kunst” som kontaktpunkt for kunstnarar og kulturarbeidarar som søkjer samarbeid med kyrkja vil vonleg medverke positivt i eit samarbeid på kunst- og kulturområdet.
Norsk kulturråd har særskilt merkt seg korleis meldinga er oppteken av bruken av kyrkjerommet i kunstnarlege samanhengar, både som konsert- og visingsstad og også som øvingsstad for musikk og scenekunst med dansekunsten særskilt nemnd. Det er positivt at meldinga målber ei open halding der det primære ikkje er å setje grenser, men å vise kunstnarane tillit i det ansvaret dei får for forvalting av kyrkjerommet. Det er også interessant å sjå dei sams utfordringane når det gjeld arrangørkompetanse og -nettverk.
På musikkområdet er det mange møtepunkt mellom kyrkja som kulturarena og Kulturrådets ansvarsområde. Framlegget til revidert nasjonalbudsjett følgjer no konkret opp Stortingsmelding 48 (2002-2003) Kulturpolitikk fram mot år 2014 med ei ny ordning for kyrkjemusikk med Norsk kulturråd som forvaltar.