Norsk språkråd og Norsk kulturråd har det til felles at dei er opptekne av språkutvikling og språkbruk. Tilknytingspunkta er mange og kan utviklast vidare, både gjennom strategisk planlegging med sams siktemål, og med administrativ kontakt på det meir praktiske planet. (2004)
Slik sett har Kulturrådet alt hatt stor glede av det initiativet som kom frå Norsk språkråd våren 2003, der ein gjennomgang av kva forskingsformidling på norsk og norsk som forskingsspråk har å seie, munna ut i støtte til Kulturrådets satsing på ei ny norsk innkjøpsordning for verdfull sakprosa. Både Kulturrådets tradisjonelle støtteordningar til litteratur og dramatikk, og Norsk Filminstitutts tilskotsordningar til ny norsk film er viktige bidrag til å utvikle språket gjennom kunsten.
Språkutvikling
Gjennom innkjøpsordningane for litteratur er folke- og skolebiblioteka sentrale samarbeidspartnarar når norsk språk skal formidlast og forvaltast. Biblioteka er også viktige institusjonar for spreiing av offentleg informasjon, og dei tilsette der møter heile tida kravet om eit presist og klart språk som kan nå fram til brukarane, kva språknivå dei enn er på. Mykje informasjon er formidla gjennom internettet, og det kan ikkje understrekast sterkt nok kor avgjerande det er at informasjon frå norske institusjonar og organisasjonar er på norsk. IKT-terminologi og fagterminologi på ABM-området må vidareutviklast, slik at ein sikrar at brukarane verkeleg har forstått innhaldet. Eit nytt språkpolitisk organ må ta tak i slike utfordringar også innanfor bibliotek- og utdannings-
sektorane, område som vi i dag kanskje ikkje reknar til dei som først og fremst treng rettleiing og oppfølgjing.
Eit anna punkt Kulturrådet og Språkrådet har felles, er at vi ser på barn og ungdom, elevar og studentar som viktige lesarar og språkbrukarar. Dei holdningane, erfaringane og innsiktene desse generasjonane tileignar seg i dag, vil reflekterast i framtidas språkbruk, dette er derfor ei språkutvikling det er viktig å følgje og forske på. Det språket ungdommen bruker, er påvirka og utfordra både av ein ny heterogen ungdomskultur og av ein global medie- og kulturindustri. Kultur- og kyrkjedepartementet er i høyringsnotatet (s. 4) kort innom den totale språksituasjonen i Norge, men tilrår ikkje at den nye institusjonen får ansvar for språksituasjonen til dei som bruker minoritetsspråk. Kulturrådet meiner at dette er ei uhelding avgrensing, og at spørsmålet om norsk språk i dialog med minoritetsspråka må takast opp og diskuterast parallelt med etableringa av eit nytt språkpolitisk organ. Høyringsnotatet tilrår at den nye institusjonen må få brei forankring i samfunnet, og byggje opp meir målretta samarbeidsnettverk. Med den heterogene språksituasjonen vi faktisk har i dei større byane i dag, vil Kulturrådet sjå det som naturleg at det blir etablert kontakt og konkrete samarbeidsprosjekt mellom Norsk språkråd, Norges forskningsråd, universitet og høgskolar for å følgje utviklinga av norsk språk og korleis dei største minoritetsspråka påverkar oss som språkbrukarar.
Domenetap
Kulturrådet deler den uroa Språkrådet kjenner for språkleg domenetap i ei stadig meir internasjonalisert verd, ei uro for at norsk er på veg ut som det naturlege språket her til lands - også når dette ikkje er nødvendig for kommunikasjonen. Så langt har dette fenomenet først og fremst vore tydeleg i høgare utdanning, forsking og næringsliv. Her støttar Kulturrådet det synet at gode kunnskapar i engelsk og andre relevante framandspråk stadig blir meir nødvendig, men at norsk framleis må vere viktigast. Det nye språkorganet må her samarbeide med fag- og forskingsmiljøa for å betre vilkåra for lage lærebøker for høgare utdanning, og for å publisere og formidle forskingsresultat på norsk.
Næringslivet er ein viktig part å få med seg når norsk språks stilling og status skal forsvarast, ikkje minst gjeld dette i reklamen. Når ein ny butikk er opna i byar og bygdebyar, er sjansen stor for at han får engelsk namn, og verksemder annonserer ikkje sjeldan etter medarbeidarar på engelsk sjøl når dei vil ha tak i norske arbeidstakarar og arbeidsplassen er her i landet.Også på kulturområdet ser vi tendensar til at norsk taper terreng og status. Særleg innanfor populærkultur ser det ofte ut til at norsk er på veg ut. Eit eksempel på dette er at svært mange engelskspråklege filmane nå får behalde originaltittelen sin når dei kjem opp på norske kinoar, og det er knapt gitt ut ein CD med populærmusikk som ikkje har engelsk tekst. Innanfor dei ulike bransjane i kulturindustrien kan marknadsøkonomiske omsyn gjere det vanskeleg å forsvare norsk språk – med mindre ein lykkast i å få med seg dei som i første omgang finn det naturleg å velje engelsk. På andre delar av kunstområdet vinn engelsk ”norsk mark” på mindre synleg vis, og utan at det er nødvendig for å lokke til seg eit norsk publikum eller få dette i tale. I 2003 fekk Norsk kulturråd rundt tretti søknader om tilskot til danseframsyningar, av desse hadde heile 23 engelsk tittel. Samanlikna med påverknaden frå engelsk på meir ’nyttige’ område, er språkskiftet på kunst- og kulturområdet verken iaugefallande, drastisk eller så lett å lage statistikk av, men også her vil ein overgang til engelsk vere med på å undergrave den stillinga og statusen norsk språk skal ha. Dersom vi ønskjer at norsk språk skal vere eit fullgodt språk også i det neste hundreåret, må det nye språkorganet også ta kulturområdet med i strategiane.
Språkvern
Høyringsnotatet nemner ikkje om det er på tale gi det nye organet forvaltingsansvaret for midlar som kan brukast til å stø opp om frivillig språkleg utviklingsarbeid. Kulturrådet får kvart år ei rad søknader og førespurnader frå organisasjonar og privatpersonar som ønskjer å drive lokalt innsamlingsarbeid av ord og uttrykk, person- og stadnamn, eller terminologiutvikling innanfor spesielle sektorar, og så publisere resultata i bokform. Dei midlane Kulturfondet har til kulturvernarbeid og litteratur strekk ikkje til til slike prosjekt, og Kulturrådet har heller ikkje den kompetansen som skal til for å vurdere søknader på dette området. Slike initiativ bør likevel oppmuntrast, da dette frivillige arbeidet er grunnsteinen i medviten og god språkbruk. Vi ber departementet vurdere å opprette ei eiga støtteordning under den nye institusjonen, slik at gode prosjekt av dette slaget kan møtast på ein positiv måte.
Vi ønskjer at det nye organet skal overta informasjons- og rådgivingsoppgåvene til Språkrådet, og halde fram det holdningsskapande arbeidet som er gjort i dag. Kulturrådsadministrasjonen har stor nytte og glede av m.a. publikasjonen ”Statsspråk”. God norsk språkbruk er også godt stoff i media, jf NRKs ”Språkteigen”, og faste språkspalter i mange aviser, der Språkrådets kompetanse er brukt i stort omfang.
Strategi og organisering
Norsk kulturråd stiller seg positivt til at språkpolitiske spørsmål er forankra i eit organ som har eit overordna, sektorovergripande ansvar for at norsk språk er verna, utvikla og brukt i alle delar av samfunnet. Organet må få tilsynsrett med fullmakt til å rettleie, overvake og sanksjonere norsk språkbruk i alle offentlege samanhengar, på linje med det ansvaret for eksempel barneombudet og likestillingsombudet har på sine område. Får det ikkje eit slikt gjennomgripande oppdrag, vil det språklege domenetapet halde fram, og bruken av norsk språk rett og slett bli ei privat sak. Korleis sjølve organiseringa av det nye organet bør gjerast, er det vanskeleg å seie noko konkret om ettersom høyringsnotatet ikkje tar dagens struktur opp som eige tema. Det er ikkje sikkert at todelinga i bokmåls- og nynorskseksjonar og den tredelte leiarstrukturen vi ser i dag er den beste, i dei utfordringane institusjonen skal møte i framtida. Det vil vere viktig å utvide kontaktnettet til alle typar brukarar av norsk språk, både private og offentlege, og å auke prestisjen for norsk i blant anna presse, kringkasting, næringsliv, film, video og andre audiovisuelle media og reklame. Legg ein vekt på å trekkje gode språkbrukarar med i arbeidet, og la desse møte media som talspersonar for den nye institusjonen, vil mykje vere gjort. Eit positivt signal vil det også vere å oppnemne ein eller fleire representantar for minoritetsspråka i Norge - og brukarar av norsk som andrespråk – til styre eller råd i det nye organet, og dermed vise vilje til å femne alle brukarar av språk i Norge.