2009 er summert opp og syner at Kulturrådet mottek fleire søknadar en nokon gong. Fondet har vakse, nytt råd vart oppnemnd av regjeringa, og over 20 nye faglege utval starta ein ny periode i fjor haust. (21.04.10)
I 2009 var Norsk kulturfond på 386,5 millionar kroner. Det vil si ei auke på 13,5 % frå 2008. Tala for 2009 synar at Kulturrådet fekk inn om lag 6 600 søknadar på til saman over ein milliard kroner. Samanlikna med året før er det ei auke på 9,2 %. Om lag 2900 søknadar fekk tilskot frå fondet.
Dei siste fem åra, har Kulturfondet auka frå 264 millionar kroner i 2005 til 380 millionar i 2009 – ei auke på 44 %. Den samla søknadssummen til Kulturfondet har auka tilsvarande – frå 700 millionar kroner til over ein milliard i 2009. Om lag 28 % av omsøkt beløp fekk løyving frå Kulturfondet i fjor.
Nytt råd
Kulturrådet har vore gjennom ei omorganisering i 2009. Oppnemningsprosess og samansetjing av rådet er endra, slik at regjeringa no oppnemner alle rådsmedlemene. Størsteparten av rådets medlemer har no kunstfagleg bakgrunn. Eit nytt råd på ti medlemer vart oppnemnde 26. juni, med Bentein Baardson som ny leiar etter Vigdis Moe Skarstein. Nye utval vart oppnemnde på det første møtet til rådet den 10. september.
Fagområda
Barn og unge er eit av satsingsområda til Kulturrådet. I 2009 vart det satsa spesielt på Kunstløftet, Kulturrådets satsing for å auke statusen og kvaliteten på kunst for barn og unge. På scenekunstområdet vart det lagt vekt på å stimulere til auka utforsking, mangfald og tverrfaglegheit. Biletkunstfeltet diskuterte mellom anna samarbeid mellom det institusjonaliserte og det frie kunstfeltet.
Nye tilskotsordningar for musikarar og arrangørar innan rytmisk musikk og fleire bestillingsverk og utviklingsmidlar til komponistar og musikarar var nokre av satsingane på musikkområdet. Rom for kunst prioriterte tverrfaglege arenaer spesielt, og satsa særleg på å fremje gode arenaer ut frå eit interkulturelt perspektiv. På litteraturområdet vart tema som e-bøker, sakprosaordninga og ei styrking av programmet for innkjøp av omsett litteratur frå dei største innvandrarspråka tematiserte. 2009 var dessutan det nasjonale kulturminneåret, og tilskot til prosjekt som tematiserte kulturminne frå samtida, vart auka med 2,4 millionar kroner.
Utviklinga av kunstens plass i ålmenta var eitt av hovudsatsingsområda til rådet. Gjennom forskingsbaserte utgreiingar og evalueringar, nyheitsbrev, nettsider, rapportar og seminar ynskjer Kulturrådet å bidra til å auke kunnskapsgrunnlaget og diskusjonen om og i kulturlivet og i samfunnet.
Les meir om Kulturrådet i 2009 i årsmeldinga som kjem i midten av mai.
Året i tal 2009, samanstilling
|
Område |
Avsetjing i kr |
Tal på søknader |
Tal på tildelingar |
Samla søknadssum |
|
Allmenne kulturformål |
kr 39 901 000 |
|
|
|
|
Rom for kunst |
kr 16 185 000 |
123 |
60 |
kr 70 035 369 |
|
Barn og unge |
kr 14 780 000 |
351 |
146 |
kr 55 209 625 |
|
Andre formål |
kr 6 758 000 |
102 |
38 |
kr 19 200 000 |
|
FoU |
kr 2 178 000 |
- |
- |
- |
|
Biletkunst |
kr 19 829 000 |
754 |
269 |
kr 103 620 405 |
|
Musikk |
kr 114 969 000 |
2558 |
1106 |
kr 388 808 336 |
|
Scenekunst |
kr 61 485 000 |
975 |
332 |
kr 287 911 192 |
|
Litteratur eks innkjøp |
kr 12 782 000 |
289 |
217 |
kr 25 852 590 |
|
Innkjøpsordningane 1) |
kr 103 676 000 |
1053 |
555 |
- |
|
Tidsskrift og periodiske publikasjonar |
kr 22 656 000 |
96 |
77 |
- |
|
Kulturvern |
kr 11 227 000 |
336 |
135 |
kr 62 000 000 |
|
Sum inkl. innkjøpte bøker |
kr 386 525 000 |
6637 |
2892 |
kr 1 012 637 517 |
|
Sum eks. innkjøpte bøker |
kr 282 849 000 |
5584 |
2380 |
kr 1 012 637 517 |
1) Tal i kolonner for søknader og tildelingar gjeld påmeldingar og innkjøp for innkjøpsordningane.
Samansetting av Norsk kulturråd