Måndag 12. desember vart Norsk kulturråds ærespris for 2005 tildele folkemusikaren Agnes Buen Garnås. Under overrekkinga medverka skodespelaren Anne Marit Jacobsen, kvedaren Ingvill Marit Buen Garnås og felespelaren Per Anders Buen Garnås. Leiar i Norsk kulturråd, Vigdis Moe Skarstein, delte ut prisen. (26.09.05)
Agnes Buen Garnås har gjennom fleire tiår stått i fremste rekkje som utøvar av norske kvedartradisjonar. Gjennom konsertar, kurs- og seminarverksemd har ho gjort ein eineståande innsats for norsk vokaltradisjon i folkemusikken.
Agnes Buen Garnås har i alt vunne Landskappleiken seks gonger og har medverka på meir enn tjue plateinnspelingar. Dei dekkjer eit stort kunstnarleg spenn: frå tradisjonell solokveding og gruppesong over til meir eksperimentelle og sjangerovergripande musikkformer. Garnås har vore tilknytt Ole Bull Akademiet på Voss i 15 år og undervist konservatorie- og universitetsstudentar, samstundes som ho har halde talrike kurs i regi av folkemusikkorganisasjonane. Ho har drive utstrakt konsertverksemd i inn- og utland og samarbeidt med musikarar innanfor eit breidt spekter av musikksjangrar.
Norsk kulturråds ærespris blir kvart år delt ut til ein person som har gjort ein vesentleg innsats for norsk kulturliv. Prisen er på 300 000 kroner. Agnes Buen Garnås fekk òg ei bronseløve av Elena Engelsen.
Norsk kulturråd har sidan 1968 delt ut sin årlege ærespris. Lista over prisvinnerane inneheld ei rekkje kjende namn frå norsk kulturliv, mellom anna Alf Prøysen, Sigbjørn Bernhoft Osa, Harald Sæverud, Arne Skouen, Arne Nordheim, Synnøve Anker Aurdal, Anne-Cath Vestly, Arve Tellefsen, Liv Ullmann, Sverre Fehn, Finn Carling, Kjartan Slettemark og Edith Roger. Æresprisen gjekk i fjor til jazzmusikaren Jan Garbarek.