Hopp til innhold

Arkivdokumentasjon av minoritetar i Oppland

Kulturrådet løyver kr 150 000 til Opplandsarkivet til dokumentasjon av minoritetsgrupper i Oppland fylke. (24.04.06)

Midlane går til eit forprosjekt som skal utgjere grunnlaget for eit hovudprosjekt med konkret innsamling av arkiv og dokumentasjon av nye minoritetars liv i Oppland.

Målet er å følgje dei nye innbyggjarane over tid og dokumentere korleis etableringsprosessen artar seg. Forprosjektet vil først og fremst kartleggje omfanget av ny innvandring til Oppland og kva som finst av tradisjonelt arkivmateriale. Det er òg lagt opp til oppstart med intervju av nye bebuarar.

Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer