Hopp til innhold

Årsmeldingane før 2008

Norsk kulturråd, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og bilete gir oversyn over tildelingar, statistikk og samansetjing av styre, råd og utval i sine årsmeldingar. (23.06.09)

Kven og kor mange prosjekt fekk tilskot i fjor? Kven var utvalsmedlemmer og kva for satsingar blei gjennomførde? I årsmeldingane finn du oversikter og statistikk for verksemdene i 2008.

 
Det har vore eit spanande år for kultursektoren. 2008 vil blant anna bli hugsa som det året da spørsmål om statleg stønad til kulturføremål blei sett under lupa til Løken-utvalet. I føreordet til kvar av årsmeldingane kan du lese korleis leiarane før verksemdene reflekterer over året som har vore.

 

Norsk kulturråd
I 2008 var Kulturfondet på 340, 3 millionar kroner, ein auke på om lag 11 prosent frå 2007. Kulturrådet mottok i fjor til saman 6052 søknadar med ein samla sum på 930 millionar kroner. 2664  tiltak fekk tilskot. I tillegg til å fordele midlar, formidlar Kulturrådet kunnskap gjennom evalueringar og utgreiingar, seminar og nyhendebrev. 

 

Fond for lyd og bilete
Det blei fordelt 28 millionar kroner til 546 tiltak og prosjekt i 2008. Fondet registrerte i alt 3262 søknader med ein samla søknadssum på 269 millionar kroner. Om lag 10,6% av samla søknadssum mottok løyving til områda fonogramproduksjon, musikk, scene, tekst og video/film.  
 

 

Statens kunstnarstipend
Det blei løyvd 212  millionar kroner til stipend- og garantiinntekter i 2008. 627 av 4121 søkjarar fekk stipend, og 32 av 453 søkjarar mottok garantiinntekt.

 

Last ned årsmeldingane her.

 

Om du ønskjer årsmeldingar i papirutgåve, send ein e-post til publikasjoner@kulturrad.no


Bilete: Faksimile av dei tre årsmeldingane

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 23.06.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer