Hopp til innhold

Årsmeldingar 2007

Kulturrådet, Statens kunstnarstipend og Fond for lyd og biletes årsmeldingar gir oversyn over fjorårets tildelingar, statistikkar og råd- styre og utvalssamansetningar. (03.06.08)

Årsmeldingar 2007

Kulturrådets årsmelding. I 2007 var Kulturfondet på 300 millionar kroner. 2 346 tiltak og prosjekter blei løyvd tilskot. Kulturrådet mottok i alt 5 887 søknadar med ei samla søknadssum på 888 millionar kroner. Rådsleider Vigdis Moe Skarstein peikar med anne på internasjonalisering i kunstlivet og kulturpolitiske utfordringar i sitt føreord "Kunst i rørsle".

 

 - Eit variert kunsttilbod føreset både eit kvantitativt og et kvalitativt mangfald. For å få mangfald må vi difor både fokusere på kreativitet og på dei forvaltningsmessige føresetnadene for å oppnå dette, skriv Moe Skarstein.

 

Fond for lyd og bilete. Det blei fordelt 26 millionar kroner til 546 tiltak og prosjekter i 2007. Fondet registrerte i alt 3 061 søknader med ein samla søknadssum på  kr 245 millionar kroner. I føreordet skriv styreleiar Øystein Blymke at vurderinga til Løken-utvalet og forslag til forskriftsendringane vil ha mykje å seie for den vidare utviklinga til fondet, både når det gjeld kva kunstartar fondet gjev støtte til og kva funksjon fondet skal ha, som vederlagsordning og som kulturpolitisk ordning.

 

Statens kunstnarstipend. Det blei løyvd 197, 8 millionar kroner til stipend- og garantiinntektar i 2007. 614 av 4 283 søkarar blei tildelt stipend, og 40 av 478 søkarar fekk garantiinntekt. Kunstnarbefolkninga er i vekst og kunstuttrykka blir stadig meir samansette. Utvalsleiar Per Norstrøm peikar i sitt føreord på at dei offentlege støtteordningane må spegle denne dynamikken slik at midlane som blir løyvde, i størst mulig grad blir omsette til kunst av høg kvalitet.


Bilete: Faksimile av dei tre årsmeldingane

Skrevet av: Janne Stang Dahl
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer