Prosjektet baserer seg på intervju med reisande busette i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, i tillegg til innsamling av foto, gjenstandar og anna materiale.
Museet gjennomførte i 2005 et forprosjekt som viste at mange av dei reisande som busette seg langs kysten av Vestlandet sit inne med viktige erfaringar frå eit liv i båt. Prosjektet skal dokumentere desse erfaringane, og vil bli eit viktig supplement til dokumentasjonen av romanifolket i innlandet som skjer i regi av Glomdalsmuseet og Dronning Mauds Minne i Trondheim. Det innsamla materialet vil bli oppbevart i eit eige arkiv ved museet. Prosjektet skal gå over to år med oppstart i januar 2006.