Pandora Film i Bergen har fått tilskot til filmprosjektet Det nye landet. Dette er ein historisk dokumentarserie i fem episodar om innvandringa til Noreg dei siste 40 åra, og som viser mangfaldet i kultur og levesett i Noreg. Det er NRK1 som har teke initiativ til produksjonen. (18.12.07)

Det nye landet skal ta opp ulike sider ved den "moderne" innvandringa til Noreg etter 1965. Serien vil sjå på kven som har innvandra til Noreg, kvifor ulike innvandrarar har hamna her, og korleis møtet mellom nordmenn og innvandrarar har arta seg.
- Vi ynskjer at dokumentarserien skal gje bidrag til ei meiningsutveksling om innvandring, samstundes som den skal vere engasjerande og kontroversiell, men òg dramatisk, humoristisk, varm og rørande, seier manusredaktør Jarle Holmelid i Pandora Film.
Serien vil òg kaste lys over korleis innvandringa har endra Noreg, ikkje minst i forhold til korleis og kven som ein definerer kva det vil seie å vere "norsk".
Korleis har innvandringa endra kulturarv og tradisjonar som er sentrale i definisjonen av ein slik nasjonal identitet? Og har Noreg etter kvart fått eit kulturelt mangfald, illustrert ved omgrepet "det fargerike fellesskap", eller eit samfunn der skotta mellom ulike kulturar er tette? Dette er sentrale spørsmål serien tek opp.
Serien er planlagt med utgangspunkt i fem episodar, kvar på 50 minutt. Ei rekkje personlege forteljingar vil bli fletta inn i kvar episode for å illustrere temaet.
Dokumentarserien vil fokusere på den aukande konflikten mellom nordmenn og innvandrarar frå 1980-talet og fram til i dag som dels er komt til syne gjennom den offentlege debatten. Tankegangen om "vern" av norsk kultur har gjennomsyra norsk innvandringspolitikk opp gjennom åra, og har til tider hatt brei politisk støtte.
Har dette vore ei naudsynt grensedraging, eller har det opna dørene for grumset retorikk?
Serien vil òg sjå på medias rolle som påverkar av folks syn på innvandrarar, og vil freiste å rydde opp i omgrepsjungelen som er nytta i framstillinga av innvandrarar.
NRK planlegg òg ei undervisningsløysing på nettet. Denne blir publisert på nettadressa www.nrk.no/skole når serien er klar.
Kulturrådet gir totalt 1,2 millionar kroner til fjernsynsserien.
Bilde: illustrasjonsfoto av jenter malt med hennadekor