Hopp til innhold

Elektrisiteten - moderniteten - jugendstilen

Jugendstilsenteret i Ålesund er opptatt av at art nouveau, jugendstilen, var ein internasjonal stilart med sterke lokale særtrekk. Det lokale i det internasjonale er vektlagt i senterets faste utstilling, men blir òg spegla i temporære utstillingar. (24.04.06)

 Utstillinga Elektrisiteten - moderniteten - jugendstilen er ledd i ein slik strategi. Som følgje av bybrannen i 1905 og den raske ”gjenreisinga” framstod Ålesund i 1914 som den mest moderne byen i Noreg når det gjaldt vatn, vassklosett og gass/elektrisitet. Utstillinga tek utgangspunkt i moderniseringa i kjølvatnet av brannen, og skal vise korleis elektrisiteten forma kvardagslivet på nye måtar. Elektriske lampar frå samtida vil utgjere ei viktig gjenstandsgruppe i utstillinga, som òg skal formidle korleis straumen endra barnas liv.

Kulturrådet har løyvd 150 000 kr til prosjektet.

Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer