Hopp til innhold

Forbrukarsamfunnet på museum

Kulturrådet gir 500 000 kroner til Norsk Folkemuseum til utstillinga Bruk - gjenbruk - forbruk – Fretex gjennom 100 år. (21.04.06)

Utstillinga skal ta opp korleis samfunnet i løpet av 1900-talet og fram til i dag har endra seg frå eit produksjons- og reproduksjonssamfunn til eit forbrukarsamfunn. Det blir lagt vekt på at denne endringsprosessen er ei viktig forståingsramme for dagens samfunn.

Utstillinga blir utvikla gjennom eit samarbeid med Fretex, og skal presentere deira sosiale hjelpearbeid, der gjenbruk og miljøtiltak har vore viktige element. Hovuddelen i utstillinga vil fokusere på spørsmål knytta til forbruk og gjenbruk, miljø og moral, globalisering og sosial omsorg. Utstillinga blir opna i februar 2007 på Norsk Folkemuseum, og skal deretter vandre rundt til museum og andre institusjonar i heile landet.

Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer