
Ikkje alle får bli, men nå har ei gruppe unge asylsøkjarar fått med seg viktig kunnskap om korleis ein kommuniserar og skapar nettverk på internett. Kunnskap som er god å ha med på vegen kor enn den går. (23.06.09)

Creating Public Community (CPC) er eit prosjekt retta mot einslege mindreårige asylsøkjarar med mellombels opphald i Noreg. Prosjektet gir dei unge ei grunnopplæring i internett som informasjonskanal og møtestad, ved å gje tilbod om kurs i bruk av fri programvare og bruk av mobil- og webkamera. Her kan ein sjå videoar på Youtube og leggje ut bilete av seg sjølve på nett, og lære korleis ein kan bruke nettet til å kommunisere med og skape nettverk med andre ungdommar. Det dei lærer kan dei ta med seg kor som helst.

Eige nettsamfunn
Initiativtakar er biletkunstnar Hjørdis Kurås, som har erfaring frå arbeid som verje for unge asylsøkjarar. Ho driv prosjektet i samarbeid med Atelier Nord og har henta inn Ebba Moi, Eivind Lentz og Bjarne Nilsen som kursleiarar.
CPC har oppretta eit nettsamfunn www.cpcproject.ning.com som kursdeltakarane kan ta i bruk. Nettsamfunnet er ein naudsynt del av prosjektet, då asylsøkjarar på kort varsel kan bli sendt til ulike mottak over heile landet eller ut av Noreg. Gjennom nettsamfunnet kan dei oppretthalde kontakten med andre og innhente og utveksle informasjon og kulturelle røynsler, også om dei ikkje får løyve til opphald og blir sendt attende til heimlandet.
Tilbod til heile landet
Det første kurset blei heldt for til saman 14 deltakarar frå Hvalstad Ordinær asylmottak. Dei to første kursa er tenkt som eit pilotprosjekt, og deretter skal det utarbeidast ei kurspakke som vert gitt som eit tilbod til mottak over heile landet, kor mottaka sjølve er ansvarlege for å søkje UDI om midlar.
Norsk kulturråd har løyva 75 000 kronar til prosjektet.
Bilete: Bilete visar deltakarar på kurset og initiativtakar Hjørdis Kurås. Foto: Dang Trinh/NRK