I ”Idrett og lesing” skal idrettsstjerner brukast som førebilete som lesarar, medan nye måtar å nærme seg ungdomslitteraturen på er ideen bak prosjektet ”Teksten i bruk”.
Idrett og lesing
Foreningen Les! går nye vegar for å stimulere leselysten hos barn og unge, og Kulturrådet gir 275 000 kroner til prosjektet Idrett og lesing.
Ideen er at idrettsstjerner fungerer som rollemodellar for barn og unge. For å vekkje leselyst er ei engasjert formidling av idrettsutøvarane sine eigne leseopplevingar eit godt eigna verkty. Dei vil treffe barn og unge i fritida i en lystprega samanheng og vise at det å lese ikkje er ei plikt. Toppidrettsutøvarar som Stig Inge Bjørnebye, Arild Stavrum og Stine Brun Kjeldaas vil bidra i det haldningsskapande arbeidet. Formidlinga vil både skje via websida bokpallen.no, og på større og mindre arrangement som til dømes Norway Cup.
Tilsvarande prosjekt er prøvde ut i England med svært gode resultat. Her gir spesielt gutane uttrykk for at idrettsstjerner, og særleg fotballspelarar kan påverke dei til å bli gode lesarar.
Teksten i bruk
Kulturrådet gir 484 000 kroner til formidlingsprosjektet ”Teksten i bruk III”. Norsk barnebokinstitutt (NBI) leiar prosjektet der nye formidlingsmetodar av ungdomslitteratur blir tilbydde elevar, lærarar og bibliotekarar i den vidaregåande skulen.
NBI har sidan 1999 drive dei såkalla Inn i teksten-prosjekta. Hovudideen er å utvikle allsidige og gode lesarar ved å nærme seg samtidslitteraturen for barn og ungdom på nye måtar. Det har vore drive litteraturformidling til elevar, lærarar og bibliotekarar på både barne- og ungdomstrinnet i grunnskulen. Prosjektet starta i Agder-fylka, men vart i 2004-2005 utvida ved hjelp av middel frå Den kulturelle skolesekken til ti skular i fem fylke til.
No skal vidaregåande skule, som ikkje fell inn under Den kulturelle skolesekken, inkluderast. Det nye prosjektet skal etablerast i fem fylke med to skular i kvart fylke. Elevane får tilbod om lese- og skriveverkstader, forfattarmøte, litterære samtalar, høgtlesing, skriftlege tilbakemeldingar via loggbøker osv. I motsetnad til dei fleste lesestimuleringsprosjekt som er kvantitativt orienterte, blir det lagt stor vekt på å utvikle den litterære kompetansen til elevane.