Trondheim Elektroniske Senter (TEKS) får i 2006 for første gong 800 000 kroner i fast tilskot over statsbudsjettet sin post 74 – Tilskot til tiltak under Norsk kulturråd. Vidare drift av senteret er dermed sikra.
TEKS har som føremål å fremje elektronisk kunst innanfor alle fagfelt, lokalt og nasjonalt, og fungerer som eit ressurs- og kompetansesenter for kunstnarar som nyttar seg av digitale og elektroniske verkty. Senteret initierer og gjennomfører kunstnarlege produksjonar og driv formidling og kompetanseheving gjennom kurs og workshops. TEKS arrangerer ulike kulturelle tiltak i regionen, blant anna ”Trondheim Matchmaking”, ein årleg internasjonal festival for ny teknologi og elektronisk kunst.
Stiftinga 3,14 – Hordaland Internasjonale Fylkesgalleri i Bergen får auka tilskotet sitt på post 74 frå 180 000 til 291 000 kroner for 2006. Stiftinga driv internasjonal formidling av utstillingar med særleg vekt på kunst frå andre delar av verda enn Europa. Dei yter òg kunstnarleg bistand til private og offentlege aktørar på marknaden.