Hopp til innhold

Kunst og ny teknologi

Kulturrådet gir tilskot til fleire nye prosjekt innan kunst og ny teknologi. Blant prosjekta finn vi: Arkivsirkus / Nuart - Festivalen / Formidlingsprosjektet "Arts Publica". (05.01.06)

Arkivsirkus
Nicholas Møllerhaug og Espen Eide står bak stiftinga Pilota i Bergen. Dei driver blant anna ei nettside og nettradio for formidling av eksperimentelle musikalske uttrykk. Dei to har no fått 85 000 kroner av Kulturrådet til eit prosjekt dei kallar ”Arkivsirkus”. Prosjektet ligg i grenselandet mellom utstilling og performance. Samlarar og kunstnarar blir inviterte til å møtast og presentere ulike typar av samlingar – gjenstandsbaserte så vel som sampling av lydkutt og kunstvideoar – i ei kunstnarleg setting. I prosjektet inngår fem Arkivsirkusforestillingar i ulike byar i Noreg. Det vil òg bli oppretta ei nettside der innsamla materiale og hendingar skal visast fram.


Nuart-Festivalen i 2006
West Coast Festival of Nuart er ein årleg kunstfestival i Stavanger med vekt på elektronisk og nettbasert kunst. Festivalen består av ein serie utstillingar, events, performance, intervensjonar og debattar og tek i bruk mellombels kunstrom som hotellrom, avissider, løpesedlar, butikkar og Internett.

Arbeidstittel for festivalen i 2006 er ”In-Human” og skal utforske ideen om kunstverk som autonome og intelligente system. Kuratorar for festivalen er den tverrfaglege kuratorgruppa Electra som består av Lina Dzuverovic Russel og Anne Hilde Neset, og C6 – ei kunstnargruppe som arbeider med relasjonell kunst. Nuart 2006 vil finne stad i Stavanger i dei to første vekene av september.

Kulturrådet gir 100 000 kroner til festivalen.

Formidlingsprosjektet ”Ars Publica”
Prosjektet ”Ars Publica” har som mål å utvikle løysingar for korleis nettkunsten sjølv kan ta hand om formidlings- og distribusjonsbehov utan å gå via tradisjonelle kunstinstitusjonar, og korleis nettkunstproduksjonen i større grad kan vere sjølvfinansierande. Prosjektet omfattar ei rekkje delprosjekt som kvar prøver ut korleis ein kan gjere nettkunst til høvesvis investeringsobjekt, salsobjekt lagra på dvd/cd-rom, utlånsobjekt via bibliotek og formidla og distribuert via kunstinstitusjonar. Ansvarlege for prosjektet er nettkunstnar og programmerar Bjørn Magnhildøen og kurator Ana Buigues. ”Ars Publica” vil bli gjennomført i løpet av 2006, og erfaringane frå prosjektet vil bli formidla på ei eiga nettside.

Kulturrådet gir 65 000 kroner til prosjektet.

Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer