Biomimetikk er eit uttrykk for biologiske system og prinsipp overført til ein brukbar funksjon, til dømes kokong - sovepose og spindelvev - fiskegarn. Zoomorfologi er eit estetisk formuttrykk inspirert av dyrs form og struktur, til dømes fuglar - fly, blekksprut - sugekopp, enders føtter - svømmeføtter.
Utstillinga skal skape refleksjon, undring og forståing av samanhengar mellom natur og kultur, og vil vise korleis naturen i vid forstand er og har vore førebilder for etterlikning. Skulens mellomsteg er primær målgruppe for prosjektet, som har fått kr 40 000 frå Kulturrådet.