Hopp til innhold

Minner om Skoltelandet

Skoltesamane er ein liten minoritet i minoriteten, og har ein kulturarv som er forskjellig frå andre samar. Østsamisk Museum er under etablering i Neiden, men mykje er ugjort når det gjeld innsamling av munnleg tradisjon knytta til skoltesamisk kultur. (21.04.06)
Målet med prosjektet er å lage portrettintervju av kring ti av dei eldste skoltesamane på russisk og finsk side. Intervjua skal ta utgangspunkt i dei dramatiske konsekvensane 1900-talets nasjonalpolitikk, grensetrekkingar, fornorsking, forfinsking, sovjetperioden, innvandring og kolonialisering har hatt for skoltesamane sin situasjon i grenselandet mellom Noreg, Finland og Russland. Materialet vil på sikt kunne nyttast i basisutstillinga ved museet, og vil ha stor betydning for framtidig forsking. Kulturrådet gir 130 000 kroner til prosjektet.
Skrevet av: Riikka Taipale
Sist endret: 15.04.2009
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer