I lys av dei vesentlege og raske endringane i kultur, levesett og mentalitet som pregar vårt samfunn vil Kulturrådet styrke samtidsorienteringa ved musea.”På sporet av den tapte samtid” er initiert av Kulturrådet, og forankra i eit museumsnettverk rundt Maihaugen. Hovudprosjektet skal gå over tre år, med oppstart i april 2006. Forutan å kartleggje og utforske sentrale sider ved det seinmoderne samfunnet, skal prosjektet stimulere til samarbeid mellom kulturhistoriske museum og forskingsmiljø utanfor sektoren.
Desse tema blir undersøkt: 1) kulturelt mangfald, 2) kulturnæring - tradisjon som vare, 3) nye teknologiar og 4) kulturell endring - konflikttema. Dei 11 musea vil samarbeide med relevante forskingsmiljø. Til samtlege prosjekt er det knytta konkret dokumentasjon og formidling i form av utstilling og sluttrapport.
Nokre av delprosjekta grip inn i særs aktuelle tema i dagens samfunnsdebatt. Varanger Samiske Museum skal i prosjektet Russiske kvinner på den norske landsbygda få fram at også bygder kan vere fleirkulturelle samfunn. Når tradisjon blir vare - Trafficking in Tradition ved Telemark museum skal undersøke marknadens utnytting av historiske gjenstandar, med særleg vekt på bunader. Prosjektet skal òg utforske dilemma knytta til bruk av tradisjonskultur, t.d. folkemusikk, i reiselivssamanheng.
Maihaugen og Telemuseet skal i prosjektet Følelser i flyt undersøke kjensler uttrykt pr. brev, mobiltelefon og internett. Dei skal finne ut om ulike måtar å formidle kjensler over avstand påverkar kvarandre og om måten me kommuniserer på har endra seg gjennom bruk av ny teknologi.
Ved å fokusere på historisk nye fenomen idet dei blir introdusert, vil ein undersøkje korleis nye fenomen blir integrert eller utstøytt i samfunnsprosessen. Nokre av fenomena viser relativt korte forløp, medan andre viser konfliktar som meir eller mindre blir ståande som faste innslag i samfunnsdebatten. Ei samanlikning mellom desse vil kunne gje innsikt i korleis kulturell endring går føre.
For bakgrunn og fullstendig oversyn over prosjekt, klikk her 2006-2009
Kontaktpersonar:
Prosjektleiar Odd Are Berkaak, tlf. 91 64 83 23, eller send e-post
I Norsk kulturråd: Stig J. Kalvatn, tlf: 22 47 83 39, stig.johan.kalvatn@kulturrad.no