Kva betyr marka for Oslo og Oslo sine innbyggjarar? Og korleis og kvifor har marka og naturen fått ein slik plass i byens identitet og borgaranes medvit?
Prosjektet er todelt og vil bestå av ein dokumentasjonsdel og ein utstillingsdel, og vil ha eit særleg fokus på Nordmarka. Dokumentasjonen vil ha ein notidsprofil, og vil i praksis gå ut på feltarbeid med intervju og foto-/videodokumentasjon. I tillegg kjem innsamling av relevante gjenstandar. Utstillinga vil byggje på og historisere innsamla materiale. Slik vil museet kaste lys over korleis vår tids bruk av og syn på marka er resultat av historiske prosessar.