Hopp til innhold

Nye søknadsfristar 2010

Nye søknadsfristar 2010

Midlar frå Norsk kulturfond er no lyste ut. Frå og med 2010 vil dei fleste søknadsfristane vere samla  til fire gonger i året. Det vil vere variasjonar mellom ordningane. Målet er å gjere søknadsprosessen enklare og betre tilpassa søkjarane. (13.11.09)

For søknadsåret 2010 har Kulturrådet endra søknadsfristane. I all hovudsak vil dei nye fristane vere: 1. mars, 1. juni, 1. september og 1. desember.

Målet er å gjere søknadsprosessen enklare og betre tilpassa søkjarane. Omlegginga med færre fristar er også eit steg på veg mot tilrettelegging for ein framtidig elektronisk søknadsportal.

For nokre av ordningane gjeld berre ein eller to fristar i året. Innkjøpsordningane for litteratur har særskilde søknadsfristar.

 

2010 eit overgangsår

Som ein overgangsperiode  i 2010 vil nokre ordningar ha andre fristar enn dei fire hovudfristane.  Innaforn scenekunstområdet er det verd å merke seg at ordningane Fri scenekunst, scenekunst og ny teknologi og basisfinansieringa for frie scenekunstgrupper, alle har frist den 1. februar. Dette gjeld også nokre av prosjektstøtteordningane på litteraturområdet. Nokre ordningar har løpande sakbehandling gjennom heile året.  Dette gjeld særskild musikkområdet,  der både arrangør- og musikarstøtteordningane og innkjøpsordninga har løpande behandling. 

Sjå alle søknadsfristane her: Fristkalender, Kulturfondet 2010

 

 

Rådsmøte i 2010


Etter at søknadsfristen er ute, må ein rekne med behandlingstid på rundt tre månader. Møtekalenderen for 2010 er under planlegging, og blir lagt opp i forhold til søknadsfristane.  For rådsmøtet 2010 gjeld følgjande  kalender (med atterhald om endringar):

  • Torsdag 28. januar
  • Tysdag 16. og onsdag 17. mars
  • Tysdag 8. og onsdag 9. juni
  • Tysdag 28. september
  • Torsdag 2. og fredag 3. desember

Siste rådsmøte i 2009 er 9. og 10. desember.

Her kan du sjå oversikt avheldte og komande rådsmøte.

 

Foto: Mari Johansen

Skrevet av: Mari Johansen
Sist endret: 22.01.2010
Norsk kulturråd, Postboks 8052 Dep, 0031 Oslo Tlf: +47 21 04 58 00 Faks: +47 22 33 40 42 Epost: post@kulturrad.no
Utviklet i KeyPublisher, et Keyteq produkt
Design av Fete typer