Skodespelaren, revyartisten og litteraturformidlaren Eikemo får prisen for å ha gjort teater til ei sak for folk flest. Prisen er på 500.000 kroner. - Fordi inga oppgåve har vore for stor eller for liten, har Eikemo lukkast i å få ut si kvalitetskunst til eit breitt publikum over heile landet. Han viser at det er mogleg å bruke sitt eige språk på scena, heiter det i Kulturrådets grunngjeving.
- Orda har stor plass i Jon Eikemo si formidling. Å formidle ordkunst slik Eikemo har gjort i snart femti år, er ein ærespris verdig, ikkje minst fordi han har gjort ordkunsten viktig for så mange. Han representerer heile breidda av kunstnarlege uttrykk i nynorsk scenekunst - frå Brecht til Sande, seier Kulturrådets leder, Vigdis Moe Skarstein.